Til Skrift og tale 

Bokmålsfolk møter motbør

Riksmålsorganet Ordet melder at foreldre som ønskjer at ungane deira skal lære bokmål ”skremmes til taushet”. Det er altså ikkje berre nynorskbrukarar som føler seg motarbeidde.

 

I ein artikkel i Ordet 4/07 fortel Inger-Lise Nyheim at Riksmålsforbundet kvart år blir kontakta av foreldre i nynorskområde som ønskjer at ungane skal få undervisninga si på bokmål. Desse foreldra føler seg ofte motarbeidde, og ”ihuga nynorsktilhengere kan bli ganske iltre i sin motstand”, opplyser Nyheim.

 

Somme foreldre er ifølgje Nyheim rett og slett redde for å arbeide ope for dei språklege rettane skuleelevane har. Lokale styresmakter bruker økonomiske argument mot undervisning på bokmål og at det er for ressurskrevjande å opprette parallellklasser i bokmål. Ordet skriv vidare at ønske om bokmål får lite omtale i media samanlikna med til dømes elevstreikar for nynorske læremiddel.

 

Alle skuleelevar kan bruke lærebøker i den målforma dei vil unntatt i norsk frå 1. til 7. trinn. I 8. trinn kan elevane velje målform sjølve.

 

(26.2. 2008)