Til Skrift og tale 

         Stadig fleire i bretonsk-språklege klasser

 

Dei siste åra er talet på elevar som går i tospråklege klasser i Bretagne nesten dobla. I 2000 var det 6550 elevar som gjekk i bretonsk- og franskspråklege klasser, og i 2006 var talet nesten 11 100.

 

Dette er gledelege tal for den bretonskspråklege minoriteten i Bretagne i nordvest-Frankrike. Tilveksten av elevar som vil lære bretonsk har vore på mellom seks og tolv prosent sia 2000, står det i eit brev eurolang.net har publisert. Til og med i Paris er det ei gruppe på 17 elevar som lærer bretonsk. Oppslutningen om klasser med undervisning på båe språk varierer i Bretagne, med Finistère og Morbihan på topp, der 42 og 31 prosent av elevane går i spårkblanda klasser.  

 

Bretonsk er eit gælisk språk, og er altså i slekt med språk som valisisk og irsk-gælisk. I dag reknar ein med at det finst om lag 270 000 som snakkar bretonsk, opplyser Ofis ar brezhoneg.

 

(26.2. 2008)