Til Skrift og tale

Eksempel på enklare ordval

Kva ord som er vanskelege å forstå, varierer ein god del etter fagleg bakgrunn, interesser og kva ord ein tek til seg gjennom livet. Kanskje er det enklare å seie noko om kva for ord som er greie å skjønne?

 

Denne lista syner nokre vanlege, vanskelege ord som du lett kan velje vekk:  

 

Desinformere: feilinformere, villeie

Destruere: øydeleggje, bryte ned

Eskalere: trappe opp, auke

Initiere: setje i verk, påskunde

Konvensjonell: vanleg, normal

Koproduksjon: samproduksjon

Modifisere: tilpasse, dempe, endre (litt)

Opsjon: fyrsterett, forkjøpsrett

Play-off: sluttspel

Predestinert: lagnadsbestemt, vere bestemt på førehand

Presedens: mønster, rettesnor (for liknande saker)

Refill: påfyll

Reforhandle: forhandle på ny, forhandle om att

Relansere: lansere på ny, gjere kjent på ny

Renominere: bli føreslått på nytt, stille på nytt

Stigmatisere: stemple, brennemerkje

Suspendere: bli løyst frå ei stilling/ein funksjon 

 

Tørre, byråkratiske vendingar kan lett gjerast meir munnlege og nynorske, om det er nynorsk du bruker, da!

 

ramma av oppsigelse: blir sagt opp, mistar jobben

den antatte hovudmannen: den som truleg er hovudmann

…at XX ikkje har adgang til å: at XX ikkje har lov til å

Posten har ikkje informert sine tilsette: Posten har ikkje informert dei tilsette

… var sinnssjuk i gjerningsøyeblikket: var sinnssjuk da det skjedde, da han/ho gjorde det

var ikkje i nærheiten av gamle høgder: var ikkje nær dei største bragdene, var på langt nær som på sitt beste

…kan ha vore utslagsgjevande: kan ha vore avgjerande, kan ha avgjort utfallet

 

Om ein skriv litt om, får ein sagt det same, og det på ein måte som kan vere nærare norsk kvardagsspråk. Verre er det ikkje, nei, resultatet blir oftast betre!

 

jpv