Til Skrift og tale 

Estisk barneblad på võru-språket

Det eldste estiske barnebladet, Täheke (Vesle stjerne), kjem no ut på võru-språket, melder eurolang.net. Dette språket blir offisielt sett på som ein estisk dialekt, medan mange av brukarane ser på det som eit eige språk.

 

Täheke er eit barneblad for barn mellom fem og ti år. Det inneheld forteljingar, dikt, teikneseriar og vitsar, og liknar slik sett på Norsk Barneblad. Mye av innhaldet er laga av lesarane. Ein av grunnane til at bladet no kjem ut i võru-målforma, er at språket fekk eit oppsving i samband med ein song på võru i estisk Melodi Grand Prix i 2004. Alle fyrsteklassingar skal få bladet gratis, og det blir også mye brukt i barnehagar.

 

Võru-språket blir brukt i den søraustlege delen av Estland, og det er om lag 70 000 brukarar, Dei fleste kan også estisk. På võru kjem det elles ut ei avis to gonger i månaden, Uma Leht.

 

(26.2. 2008)