Til Skrift og tale

 

Fem enkle kommareglar

 

1. Når ei undersetning kjem før ei hovudsetning, skal vi bruke komma: Dersom du vil ete middag hos meg i morgon, skal eg lage noko du garantert aldri har smakt før.

 

2. Når to like setningar blir knytte saman med ’og’ og ’men’, skal det vere komma før bindeorda: Han sjekka saka nøye, og han sette så i gang med å skrive. Dette hadde ho ikkje sansen for, men ho måtte tole det. Her er det to hovudsetningar som blir bundne saman.

 

3. Når ei relativsetning - ei setning som begynner med ’som’ - er føydd inn i ein periode, skal det stå komma etter relativsetninga. Når innføyinga kan utelatast, skal det vere komma både før og etter: Klubbleiaren, som hadde ordet sist, konkluderte med at avtalen var til å leve med. Dersom relativsetninga er nødvendig for innhaldet i perioden, set vi berre komma etter relativsetninga: "Studentar som ikkje tek opp lån, arbeider ofte ved sida av studiet. Ofte blir ’som’ utelate når det er eit objekt i relativsetninga: "Saka du laga, var skikkeleg god." Komma skal likevel stå etter ei slik relativsetning.

 

4. Før og etter innskotne ledd og tillegg skal vi ha komma: Middagen, eller rettare sagt middagspausa, varte i over to timar. Den sakkunnige, overingeniør NN, kunne ikkje møte.

 

5. Det skal vere komma etter sitat når du bruker siteringsverb: - Dette går bra, sa trenaren.