Til skriftogtale.no

 

Pengar til film om Olav H. Hauge

 

Norsk filmfond har gitt Vigdis Nielsen 350 000 kroner til ein dokumentarfilm om lyrikaren Olav H. Hauge. Filmen skal byggje på både dikt og dagboksnotat av den kjende nynorskforfattaren.

 

Olav H. Hauge (1908-1994) er rekna som ein av dei viktigaste lyrikarane i Noreg, ikkje minst innafor den modernistiske tradisjonen. Han debuterte i 1946, og kombinerte dikting og omsetjing med fruktdyrking. Filmskapar Vigdis Nielsen seier at filmen både skal vere ein biografisk film om Hauge og ei reise i det poetiske universet hans. Filmen skal også innehalde varsame dramatiseringar, skriv Nynorsk pressekontor.

 

Dokumentarfilmskaparen er som Hauge frå Ulvik i Hardanger. Vigdis Nielsen sende inn søknad om eitt av i alt 60 prosjekt. Av dei fekk tjue støtte frå Norsk filmfond, og filmen om Hauge fekk den største potten.

 

NPK/jpv  28.2. 2008