Til Skrift og tale

Forstavingar frå latin

Forstavingane eks-, inter-, re- og sub- er greie å ha, men treng vi alltid bruke dei?

 

Av Jon Peder Vestad

 

eks- kjem frå latin ex, som tyder ut av, bort frå. Forstavinga kjenner vi frå ord som eksportere og ekskursjon, og ho blir brukt mye for å fortelje at noko eller oftare nokon har vore: ekssjef, ekskonge, ja, også som substantiv: eksen. Når eks- blir brukt om nokon som er førverande, ein tidlegare, kan vi også seie det på den måten.

 

inter- tyder mellom og blant på latin. I norsk kan det også vise til noko som går på tvers, noko felles. For ei tid sia vart eit internordisk prosjekt omtalt i nyheitene, og mest sannsynleg var dette eit vanleg, nordisk prosjekt. Skulle ein presisere at dette var noko som gjekk på tvers av landegrensene i Norden, og ikkje berre fanst i Norden, kunne fellesnordisk gjort same nytta.

 

re- kan tyde imot, om att, på nytt, tilbake. Denne forstavinga lever godt for tida! Det eine etter det andre blir relansert, restrukturert, refinansiert, relokalisert eller kanskje reokkupert. Kanskje det heller kunne ha vorte sendt ut/lansert på ny, fått endra oppbygging, ny finansiering, ny plassering eller ha vorte gjeninntatt/okkupert igjen? Og eit menneske som blir renominert, stiller til val att. Enkelt og greitt.  

 

sub- tyder under-. Ein subkultur er ein underkultur, men kanskje det fyrste blir brukt så ofte fordi det ber med seg assosiasjonar til subb, noko uskikkeleg?

 

I somme tilfelle finn vi nok ofte engelsk bak bruk av desse forstavingane. Vi taper sjeldan på å dempe innslaget av engelsk i norsk ...