Til Skrift og tale

 

Det treng ikkje heite homeparty

Det er lett å fleipe med fornorsking, og under slik fleip ligg det nok ei oppfatning av at norsk ikkje passar til alt. Men det er også interessant å leggje merke til at ikkje alle forsøk på å innføre ”internasjonale” ord (som sjølvsagt ikkje kjem frå russisk og kinesisk), er like vellykka.

Av Jon Peder Vestad

Mislykka anglifisering

- Hei, blir du med på barbecue? Blir du med å barbecue?

- Mor, har vi igjen cereals? Å, eg har så lyst på cereals….

- Du må helse på flatmaten min! (??? Ja, det betyr medbuar, bufelle)

- Har du hugsa å presette fjernsynet?

- Eg treng noko accessoires! (tilbehør)

Det er nok enno ganske uvanleg å høre noko slikt på norsk, men det betyr slett ikkje at vi lukkar munnen for engelske gloser. Det er også feil å påstå at det er mislykka med fornorsking fordi ikkje alle forsøk på å få inn norske ord slår an. Og for alt eg veit kan slike avløysarord likevel vere nytta i somme miljø, og heilt fråverande i dei miljøa eg kjenner. Derfor er det vanskeleg å slå fast at ord ikkje blir brukte,

Nokre norske avløysarord som har slått gjennom, eller som blir brukte side om side med dei engelske uttrykka, er brettsegling, grensesnitt, handfri, heimeside, hjerneflukt, hovudjeger, hurtigmat og gatekjøkkenmat, idedugnad, innsidehandel, kollegavurdering, kollisjonspute, prateprogram, lenkje, lysark, nakkesleng, nettlesar, nyheitsgruppe og diskusjonsgruppe, programvare, rullebrett, rulleskøyter, skrapmat, snøbrett, støtteark, søppelpost, ta-med-mat, teiknrute, terrengsykkel, tilbakemelding og underdriving. 

Det ser elles ut som om vi ønskjer å ha eit visst innslag av engelske uttrykk i språket vårt, men færre her enn eksempelvis i Danmark. Dessutan kan eit ord som verkar rart og fremmendt i eitt geografisk eller sosialt miljø,  vere det vanlege i andre. I delar av landet er for eksempel eit ord som ”weekend” meir eller mindre synonymt med helgesamling på ein leirstad eller liknande, og uvanleg som synonym for ”helg”.  

Homeparty og livekonsertar

Somme lån glir greitt inn i språket og er nødvendige, andre ikkje. Til dei siste hører ”homeparty”, som ikkje er noko anna enn ”heimesal”, og kan omtalast som det. Det er heller ikkje nødvendig å kalle eit plateomslag for ”cover”, som eg såg i ei omsetjing frå svensk for ei tid sia. I det svenske programmet vart det sagt omslag, i den norske teksten stod det cover

Før i tida hadde band konsertar, og det var ikkje nødvendig å presisere at ein konsert var live. Det er det eigentleg ikkje no, heller! Og dei gruppene som ikkje er liveband, men studioband, er nettopp det, så kan dei andre få vere band! Dei hører vi ikkje på livekonertar, men på konsertar ...

Dersom du er interessert i norske avløysarord, kan du gå inn på heimesidene til Språkrådet (www.sprakrad.no/paanorsk.htm), der det finst ei lang liste over norske ord som gjerne kan brukast.