Til Skrift og tale

Fare for det maltesiske språket

Det maltesiske språket står i fare for å bli massakrert, meiner undervisningsministeren på Malta. Den vesle øyrepublikken i Middelhavet har om lag 375 000 innbyggjarar, og det er engelsk som held på å kvele maltesisk.

Av Jon Peder Vestad

Maltesisk er eit maghreb-arabisk språk som blir skrive med latinsk alfabet, og språket er påverka av italiensk. Malta har vore underlagt Storbritannia, og engelsk er framleis mye brukt i offentlegheita. I 1987 vart det avgjort at styresmaktene skulle bruke maltesisk i svar på brev som var skrive på maltesisk, men enno er det vanleg å nytte engelsk i slike tilfelle. Båe språka er offisielle på Malta, men berre maltesisk er rekna som nasjonalspråk.

Undervisningsminister Louis Galea ser på maltesisk som sjølve "DNA-"et til innbyggjarane på Malta, og det er sett i gang tiltak for å sikre framtida til språket. Øyrepublikken har to organ som arbeider for språket, Akkademija tal-Malti og Rådet for vern av det maltesiske språket.

Maltesisk er brukt i nasjonalforsamlinga, i domstolane, kyrkjene og det offisielle skuleverket. Engelsk er mye brukt i media, i private skular og på universitetet, attåt i den store og viktige turistnæringa. Maltesisk engelsk er mye brukt som andrespråk i mellom- og overklassa, og for somme er det fyrstespråket. Engelsk er så utbreidd i dagleglivet at det er vanleg å høre folk skifte frå det eine til det andre språket. Det var fyrst etter frigjeringa i 1964 at bruk av maltesisk vart utbreidd i offentlegheita, men no ser det ut til at nasjonalspråket er på vikande front.

Kjelder: 

"The massacre of the Maltese language", The Maltese Independent 15.2. 2001
Price, Glanville (red.): Encyclopedia of the Languages of Europe. Blackwell Publishers, Oxford  2000 (1998)