Skrift og tale

Mannleg og kvinneleg språkbruk

I vanleg samhandling mellom menn og kvinner viser det seg at dei to kjønna har vanskar med å kommunisere. I blad og bøker blir særleg kvinner fortalde korleis dei skal forstå det andre kjønnet. 

 

Av Jon Peder Vestad

 

Vanskar i kommunikasjonen finst ikkje berre på ordplanet, men også i bruk av kroppsspråk, i ansiktsuttrykk, handrørsler osv. - uttrykk som kan vere meinte som ein ting og tolka som noko anna.

 

All samhandling opnar for misforståing. Forskjellar i måtane kjønna bruker språket på, merkar vi i til dømes avbryting, overlapping, sjølvforsvar og moderasjon, unnskyldningar og liknande. Det finst også kjønnstilknytte forskjellar som kan føre til miskommunikasjon. Det gjeld for eksempel kva menn og kvinner legg i ord som dei bruker til å vurdere noko med, eller ulik innstilling til kjønnsmarkerte ord som blir nytta om båe kjønn, som formann og stortingsmann. Ikkje all miskommunikasjon treng øydeleggje kommunikasjonen. Somme gonger blir vanskane først oppdaga seinare, når ein skjønner at "vi meinte jo ikkje det same"!

 

Kva kjem miskommunikasjonen av, eller på ein annan måte: Kva har det seg at kvinner og menn bruker språket ulikt? Somme meiner det er ei sideeffekt av sosialiseringsprosessen, at jenter og gutar er gjennom ulike sosialiseringsmønster og veks opp i ulike kjønnskulturar. Andre legg vekt på at kvinner og menn har ulik status i samfunnet, og at det speglar seg i språket. Det vil seie at miskommunikasjonen ikkje går føre seg mellom likeverdige partar, men mellom medlemmer av to ulike kjønn som har forskjellige posisjonar ut frå nettopp kjønnet dei tilhører.

 

Når utgangspunktet er at kjønna har ulik posisjon, ser ein polarisering mellom kjønna istadenfor likestilling. Kjønnspolariseringa fører til ulike tolkingar og vurderingar av språkbruken til kvinner og menn, og indikerer at menn og kvinner har tydeleg ulike språk som krev tolking kvar for seg. Med ein slik samanheng oppdagar ein kanskje lettare at ulikskapane mellom kjønna kan føre til ulike formar for språkbruk, og at det er feil å sjå på det som er ulikt i språkbruken berre som ein uheldig sideeffekt av at kvinner tradisjonelt har vore underordna menn. Motsetninga mellom kjønna er i så fall av same slag som forskjellar mellom ulike folkegrupper, religionar, aldersgrupper osv. - når det finst sosial ulikskap som kjem av slike forskjellar. Makthierarkiet bestemmer kva for ein versjon av språket eller verkelegheitstolkinga det er som er den "rette", eller som ein skal byggje på. Makta avgjer kven sin språkbruk det er som blir sett på som normal, og kven det er som må eller bør lære seg ein annan språkbruk.

 

Dette er èin posisjon. Det som blir kalla mangelteorien går ut på at språket til kvinner ofte blir vurdert som mangelfullt. Her blir språkbruken sett i lys av menns språk, og forskjellane ein kan finne blir da tolka som at språket til kvinner er underlegent. Den danske språkforskaren Otto Jespersen har til dømes sagt at kvinner har eit mindre utbygd ordforråd, dei har dårlegare utbygd setningskonstruksjonar og bruker meir ufullstendige, avbrotne setningar. Robin Lakoff skriv på si side at kvinnespråket er mindre kraftfullt, og ber meir preg av usikkerheit. Ho ser på kvinnespråket som underordna i forhold til eit ”nøytralt”, les: maskulint språk. Somme forskarar har sett på forskjellane som eit resultat av biologiske forhold, at kvinner bruker eit underordna språk for å finne seg ein overlegen partner - ein slags biologisk utvalsmekanisme, altså. Andre bruker kulturen, sosialiseringa som forklaringsårsak. Dette er den minst kontroversielle ståstaden. Det som har noko for seg i denne samanhengen, er at språkbruken til kvinner og menn blir vurdert ulikt.

 

Uansett kva ein måtte meine om årsakene til skilnadene mellom språkbruken til menn og kvinner, er det helst "dei kvinnelege avvika" som har vore i fokus. Korleis menn nyttar språket har i liten grad vore underlagt gransking. Ei følgje av at ein konsentrerer seg om kvinnespråket, er at det kan skape eller forsterke eit press mot kvinner for å få dei til å bruke "mannssspråk". Dessutan kan det føre til at det er kvinner som må anstrengje seg for å forstå menn, og ikkje omvendt. Lakoff seier til dømes at kvinner på ein måte må vere tospråklege, og vere i stand til å bruke både kvinneleg og mannleg språk. Det omvendte er ikkje tilfelle.

 

Forskarane Daniel Maltz og Ruth Borker ser på tokjønnsleg og fleirkulturell kommunikasjon som eksempel på kulturelle forskjellar og på miskommunikasjon. Dette blir kalla tokultursteorien. Dei framhevar at amerikanske kvinner og menn kjem frå ulike sosiolingvistiske underkulturar, med ulike reglar for samtaler og tolking. Vanskar i kommunikasjonen kjem av at folk tolkar ut frå sine eigne reglar. Forskjellane i språkbruken kan finnast i oppveksten, der gutar og jenter held seg mest til sine eigne; jenter samarbeider på likt nivå, men vennskap betyr såpass mye kjenslemessig at dei blir ekstra vare og flinke til å tolke relasjonar. Guteverda er hierarkisk, nokon dominerer, det er kamp om å få og halde på ordet. I vaksenverda ser vi at desse forskjellane mellom gruppene fører til samhandling hos kvinner, der ein prøver å involvere tilhørarane medan samtalene blir ført vidare. Menn på si side fortel historier, dei argumenterer og markerer posisjonar.

Maltz og Borker set opp seks punkt i miskommunikasjonen:

 

1.   Minimal respons: ikkje ignorering, men små signal frå ein tilhørar. Mhm betyr "hald fram, eg lyttar" for kvinner, og "eg er einig" for menn.

Vanskar: Menn trur kvinner er einige, men dei er det ikkje; kvinner føler at menn ikkje hører etter pga. lite mhm-ing; kvinner bruker mhm meir enn menn.

 

2    Kva funksjon spørsmål har: Kvinner bruker spørsmål for å halde i gang ei samtale; menn for å be om opplysningar.

 

3.   Tekstbinding, samanhengen mellom ytringar: Kvinner knyter ytringar tydeleg til kvarandre, medan dei kan vere underforståtte for menn.

 

4.   Tolkinga av verbal aggressivitet: Kvinner tek tøff språkbruk personleg, medan det kan vere ein måte å prate på for menn.

 

5.   Emneflyt og emneskifte: Kvinner utviklar og utvidar eit emne, og temaskifte skjer gradvis. Menn kan skifte emne brått.

 

6.   Problemdeling og rådgjeving: Kvinner drøfter og deler vanskar, og der er det å lytte viktig. Menn tolkar lanseringa av eit problem som ein invitt til å komme med eit råd eller ei løysing. Dei har ein tendens til å te seg som ekspertar og rådgjevarar istadenfor å vise medkjensle eller komme med eigne problem.

 

Mot tokulturteorien blir det framheva at teorien overser at menn har større sosial makt og kan tolke ein situasjon annleis enn den han er frå eit kvinnesynspunkt. Den autoriteten menn har hatt i samfunnet, den dominansen menn har stått for, botnar etter dette ikkje berre i kulturelle forskjellar, men også i den ujamne maktbalansen. Når eksempelvis menn let det vere ei pause før dei kjem med mhm-ing når kvinner snakkar, kan det bli sett på som eit signal på mangel på interesse, no vil eg ha ordet osv. Mennene vil ha makta over samtalesituasjonen. Det same gjeld tendensen til brått å skifte emne - menn vil markere at "eg har makta over samtala". Eit slikt maktsyn kan verke noko overdrive, men også i dagens norske samfunn kan det vere grunn til å tenkje over om det finst noko i det.

 

Forskarane Nancy M. Henley og Cheris Kramarae, som har presentert ulike måtar å sjå på manns- og kvinnespråk på (Henley/Kramarae) held makt og dominanse som det sentrale i den språklege maktkampen og i miskommunikasjonen mellom kjønna. I teorien om sosial samanheng legg dei mellom anna vekt på at makthierarki i samfunnet ikkje må bli oversett. Rundt kvinner finst det strukturelle hierarki som pregar verkelegheita deira, som lover, lønner, og kulturell praksis. Men det er ikkje berre kjønnsforskjellar det er tale om, men også skilje etter alder, seksuell legning, klasse og folkegruppe. Å berre snakke om kjønnsforskjellar når ein ser på korleis forskjellige menneske bruker språket på, er å forenkle emnet. Det å oversjå kommunikasjonsvanskar meiner dei kan vere ein måte å unngå konfrontasjon og sinne på.

 

Henley og Kramarae tek utgangspunkt i situasjonen i USA, der afroamerikanske kvinner kan oppleve miskommunikasjon med både kvite kvinner og kvite menn. Det vil seie at etnisk bakgrunn, klasse og kjønn kan verke saman eller sjølvstendig inn på språkbruken. Det er lett å knyte vanskar svarte kvinner har til forskjellar i kultur og etnisitet, medan det eigentleg er snakk om dårleg kommunikasjon mellom svarte kvinner og den kvite kulturen, den kvite, mannlege kulturen. Svarte kvinner er ikkje berre svarte, dei er også kvinner - og har dermed vanskar med å bli hørt og tatt alvorleg.

 

Dei dreg vidare fram skilnader mellom heterofile og homofile. I heterofil kommunikasjon er det menn som dominerer, og homofobi kan vere ei årsak til at menn ikkje liker at andre menn tek på dei, medan kvinner ikkje er like negative. Skilnadene mellom feminine og maskuline kulturar eksisterer, men er ikkje det einaste ein lyt ta omsyn til. Folkegruppe, klasse, alder, legning osv. samverkar med kjønnsforskjellane. Og dei kulturelle forskjellane eksisterer ikkje i eit kulturelt vakuum, men i ein samanheng der menn er overlegne og kvinner underlegne.

 

Både i makt på eit overordna nivå (strukturell makt hos menn) og eit underordna nivå (ulik individuell sosialisering) finn vi påverking av språkbruken og dermed opphav til miskommunikasjon. Mannsdominansen legg forholda til rette for mangelfulle språklege system, som først og fremst uttrykkjer mannlege erfaringar (gjennom metaforar osv.). Dessutan går vi lett rundt med eit inntrykk av at menn og kvinner uttrykkjer det same, og får pseudokommunikasjon som resultat, ei feilaktig tru på at vi har forstått kvarandre, utan at det er tilfelle.

 

Etter Henley og Kramarae må ein likestille menn og kvinner når ein skal undersøkje maktforhold i språket. Språkbruken til den eine gruppa må ikkje bli sett på som den normale og den andre som unnataket. Også menns språk er resultat av sosiale mønster, oppseding osv. Språkbruken til grupper med makt må ikkje føre til ei oppfatning av at andre har "unntaks-eller avviks”-språk, dei er rett og slett berre ulike.

 

Kjelde:Gender, Power and Miscommunication avNancy M. Henley og Cheris Kramarae 

 

                                               post@skriftogtale.no (c) Skrift og tale 2008