Til Skrift og tale 

 

Minst fem truga samiske språk 

Dei samiske språka på Kola-halvøya står i fare for å døy ut. Kildinsamisk er det største og kan kanskje klare seg, men det blir ikkje snakka av meir enn om lag 600 personar. 

Kildinsamisk er likevel brukt av såpass få at språket blir sett på som alvorleg truga. Hausten 2003 kom det i gang radiosendingar på kildinsamisk, og det vart sett på som eit viktig steg for å ta vare språket, meldte den svenske sameradioen.

Dei tre andre samespråka på Kola-halvøya er det lite håp for. Både Notozero-samisk, som er ein variant av skoltesamisk,  og tersamisk blir brukt av berre mellom tjue og tretti menneske. Dei yngste brukarane av desse språka er fødde på 1930-talet. Det fjerde samiske språket på Kola-halvøya, akkalasamisk, er det berre eitt menneske som kan lenger. Men også i Sverige er samiske språk like dødsstempla. Der er ume- og pitesamisk i ferd med å døy ut med den eldste generasjonen. 

Den store språkoversikta Ethnologue (1992) gjev ikkje opp tal på kor mange det er som snakkar pite- og umesamisk, men opplyser at båe språka har vore i bruk også i Noreg.

jpv

Kjelder: Jörgen Heikki, Sámi Radio, Lujávr (Lovozero) 23. april 2003; Ethnologue 1992.