Til skriftogtale.no

 

Skjellsord i svenske mobilordlister

 

Svenskar som bruker de såkalla T9-funksjonen på mobiltelefonen sin, får hjelp av den innebygde ordlista til å skrive nedsetjande ord som ’zigenarpack’. I Tyskland måtte ei mobilordliste avnazifiserast!

 

I artikkelen ”Rasism och sexism i mobilens ordlista” skriv Dagens Nyheter (dn.se 11.2. 2008) at mobilordlista til Sony Ericsson er verst. Ord som ’Zigenarpack’ (sigøynarpakk) og ’negerhora’ får svenske Sony Ericsson-brukarar hjelp til å skrive, ifølgje avisa. Konkurrenten Nokia har luka ut dei verste orda, men kjønnsdiskirminerande ord finst framleis i svenske Nokia-mobilar. Eit firma frå USA har ansvaret for ordliste til Sony Ericsson, og dette firmaet bruker folk med svensk som morsmål for å sikre seg at orda blir korrekt skrivne.

 

I Tyskland viste det seg for nokre år sia at naziterminologi var lagt inn i T9-ordlista. Leverandøren hadde skanna ei mengd tyskspråklege nett- og chattedsider, og det var derifrå naziuttrykka kom. Etter at det vart skrive om dette, vart mobilordlista avnazifisert!

 

dn.se/jpv  28.2. 2008