Skrift og tale

Moldedialekt før og no

Molde har vorte godt kjent gjennom Kjell Magne Bondevik og Kjell-Inge Røkke, men ikkje moldedialekten. Ingen av dei snakkar eigentleg moldedialekt. Det dei snakkar, er eit slags bokmål med romsdalsk tonelag, ispedd eit og anna romsdalsuttrykket, sjølvsagt. Karita Bekkemellem Orheim er derimot ein god ambassadør for talemålet i Rosenes by.

Da eg voks opp, kjende eg til berre èin Molde-gut som snakka noko som kunne likne språkføringa til Bondevik og Røkke. Han sa ’ikke’ og prata det vi kalla finmoldensar. Denne guten var nokre få år yngre enn meg, og kom frå ein etablert Molde-familie. Sjølv om han budde på austkanten, eigentleg utafor austre bydel, snakka han ”fint”. No, eit par tiår etter, er det ikkje uvanleg at unge moldensarar seier ’ikke’, lenge etter at dei har slutta å snakke barnespråk. Omtrent ved det leitet at ein skulle tru at den gamle ”finmoldensardialekten” ikkje fekk nye brukarar lenger, breier han seg att, altså. Men sia eg voks opp austafor sentrum, kan det hende at eg ikkje fekk med meg at ein del ”fine” dialekttrekk stod sterkare enn eg visste hos enkelte unge i Molde. Det gjorde dei ikkje på Kviltorp, Øverland og Bergmo, altså på vår kant av byen. 

Årøelva skilde bymål og bygdemål
Familien vår kom til Molde hausten 1971, og da begynte eg på Kviltorp barneskole. Vi budde først nokre år på Kviltorp, før vi flytta vel ein kilometer opp i lia til Øvre Berg. Bydelen Kviltorp var bygd opp etter andre verdskrigen, og det budde mange innflyttarar frå kommunane rundt Molde der. Bergmo ungdomsskole, som vi begynte på i sjuande klasse, samla elevar frå Lønset i aust til Fuglset i vest og Eikrem i nord. I Nordbyen var det berre skog og blåbærlyng på den tida. Det store dialektskiljet på både Kviltorp- og Bergmo-skolen den tida vil eg seie gjekk mellom dei som kom austafor og vestafor Årøelva, ved flyplassen. Vestafor elva snakka folk stort sett moldedialekt, austafor snakka dei vanlegvis ”breitt”. Dette var noko vi var merksame på alt i barneskolen. At klassene på barneskolen i hovudsak blei skilde mellom dei som kom frå Kviltorp, Øvre Berg og Bergmo, og dei som kom frå området frå Lergrovik vest for Årøelva og vidare innover stranda til Lønset ("innafor"), var med på å halde oppe dialektskiljet. På vestsida av byen fanst ei tilsvarande grense mellom by- og bygdemål. 

På ungdomsskolen blei vi som kom frå Kviltorp-skolen samla i ei storklasse med 48 elevar. Både der og på Kviltorp lærte vi eit bokmål som var noko meir prega av folkelege språkformer enn VG og mange lærebøker. Det var heilt greitt med a-endingar, for eksempel. Eg hugsar at ein elev frå Lønset i ein norsktime blei spurd om kva han ville ha sagt dersom han sat under bordet: ”Onde bora”, sa han, og brukte den gamle preposisjonsforma 'onde' og dativforma av 'bord'. Elles hadde dei som kom austafor Årøelva frå gjerne palatalisering (mannj, kveill), medan vi som kom frå andre sida av elva, mangla det. Og dei som kom innafrå stranda, altså Årø, Røbekk, Strande og Lønset, sa ofte 'me' i staden for 'vi', 'nåkkå' og hadde andre former som skilde dei frå bydialekten. Eldre folk på Kviltorp sa også 'me', hadde palatalisering  og dativ ('på fjernsyna'), og så vidt eg veit er det enno eldre, innfødde kviltorpingar i live som snakkar slik. Mange har dei aldri vore,  sia Kviltorp var ein ung bydel. På Eikrem, som var og kanskje er for ei bygd å rekne, skal 'me' ha vorte brukt i staden for 'vi' også blant enkelte som var fødde så seint som rundt 1960.

I heile dette området var det innflytting, slik at ein også inne frå bygdene austafor Årøelva kunne finne ungar som snakka bymål. I ein og same syskenflokk kunne også dialektbruken sprike. Da eg seinare begynte på Molde vidaregåande skole, blei eg kjend med elevar frå dei indre bygdene i Molde kommune, og frå Bolsøya og Skåla-halvøya. I tillegg var det elevar frå resten av Romsdal, med unnatak av Rauma. Moldensarane frå bygdene innover Fannefjorden og Skåla-halvøya snakka enda ”breiare” enn det klassekameratane mine frå området mellom Årø og Lønset gjorde. I dag har eg inntrykk av at dei fleste som veks opp der snakkar ein slags moldedialekt, og ikkje like tydeleg kleiving eller hovdenakkdialekt som i "mi" tid. Det same kan nok gjelde Elnesvågen og Eidskrem utafor kommunegrensene. Og iallfall i bydelane nærast Molde sentrum, er mange av dei romsdalske språkdraga som var vanlege da eg voks opp, mindre hyppige blant dei unge i dag. Dialekten har komme nærare bokmålet og den gamle finmoldensardialekten.

I grunna ei fole kaule, ta 
Dei som snakka finmoldensar, budde helst i sentrum, eller kom frå sentrum. Men eg har arbeidd for ein kar på Årø som snakka finmoldensar, og det hadde nok med familietradisjon å gjere. Finmoldensarane kunne nok snakke som andre moldensarar, men dei prøvde helst å gjere noko anna. Ganske ofte kunne ein høre ei veksling mellom 'jei' og 'i', og 'ikke' og 'ikkje'. Det kunne verke litt komisk, og blei ofte fleipa med, også av vaksne som snakka vanleg molde- eller romsdalsdialekt. Og i ordforrådet kunne finmoldensarane ty til mange av dei innarbeidde orda som var vanlege blant dei som snakka ein meir folkeleg moldedialekt, som adjektiva 'fole' og 'kjøle' (med tjukk l). Desse to uttrykka trur eg kanskje er noko mindre brukte i Molde no enn dei var før. Av og til har eg forresten inntrykk av at 'fole' og 'kjøle' blir henta fram av enkelte moldensarar for å vise at dei kan desse romsdalsuttrykka som dei synest er litt spesielle og småpussige, ikkje fordi orda er ein del av daglegtalen. Men det gjeld berre enkelte. 'Kjøle' har forresten vore mindre brukt i Molde enn 'fole'.

Vi kan sjå meir på ord og former som var utbreidde hos vanlege moldensarar da eg gjekk på Kviltorp og Bergmo, og desse uttrykka og seiemåtane kan sjølvsagt vere i full bruk hos mange moldensarar enno. Da eg gjekk på barneskolen, var 'påppelåppe' eit vanleg ord for løvetann hos moldeungar med romsdalsk bakgrunn, medan vi innflyttarungar snakka om nettopp løvetann. Namnet Poppeloppeteateret kjenner mange moldensarar. Slåsskamp var 'kaule' (ordet kan au bety blekksprut), sniglehus heitte 'kokkelur', og 'gåple' var blant anna det vanlege ordet for manet. Ein som var forelska 'for ætter' ein eller ei, og da var ein som oftast over den alderen da ein spelte 'klinkis' (klinkekuler). Enkelte brukte ordet 'kebbe' om å knabbe eller naske. Båtar 'kålva', fotballar blei 'pola', og ein kunne 'smeise', 'druse' eller 'drule' både ballar og folk. Eg er slett ikkje sikker på om desse uttrykka er like utbreidde i moldemålet no. 

I moldedialekten kunne - og kan - ein elles høre stivna dativuttrykk som 'i veia', 'i midta' og 'i grunna', og kanskje nokre til, blant folk som var fødde på i 1960-åra. Først på 1970-talet hugsar eg at det blei sagt  'toff' om ein som var tøff'. Mange 'åt', og få 'spiste', folk ville 'sjå' og dei 'såg' - formene 'så' og 'se' var uvanlege i oppveksten min. Det var au uvanleg at nokon spurde 'kåmmer du?' - det heitte 'kjæm du?', som sjølvsagt mange i byen seier enno. Og å seie heitte 'sei', ikkje 'si'. Det blei rekna for fint å seie 'åsså' (også); det vanlege var 'au'. Mange drakk 'mjølk' (med tjukk l), andre 'mælk', og nesten alle på vår kant av byen åt 'graut'. Vidare heitte det 'ænn tæu', eit tau, og det seier nok mange enno. Folk sa alltid 'sjøl' og 'trur', og uttaleforma 'én' av pronomenet 'ein' var ikkje vanleg anna enn hos dei som snakka finmoldensar. Å seie 'nå' blei rekna for finprat og knot, og var mykje meir uvanleg enn 'no', som folk flest sa. Det var elles aldri snakk om noko anna enn 'korsn' (korleis), 'koffår' eller 'koffer' (korfor), 'kæm' (kven) og 'ka' (kva). Kvar dag blei til 'kvar' eller 'kvær' dag. Bokmålsformene hørte berre finmoldensarane til, og knapt nok heilt gjennomført hos dei. 

Ein "kårni brif"
Eg begynte på ungdomsskulen i 1976, og tok da til å lære ungdomsslang. På den tida var det somme uttrykk som var særleg populære. Det var å 'brife', imponere, blære og svære seg med, yppe med; og ein person kunne vere ein 'brif', ein som yppa og var blærete og brysam. I dag blir 'kødd' brukt om omtrent same typen, men dette ordet manglar det blærete som låg i brif.. Ordet 'kødd' var ukjent hos oss på 1970-talet, - verbet 'kødde' var visst brukt - og ingen blei kalla 'pinglete'. Elles snakka vi om at noko eller nokon var 'kårni', altså 'corny', sprø, dum, eller at noko var 'sjåvv', artig. Det var ikkje så mykje brukt som 'brife' og 'kårni'. Var noko heilt gale, kunne ordet 'kårni-pip' vere det rette å bruke. Det er nok danna etter mønster for 'kålpip', som blant anna var eit ord på Fuglset for ein idiot. Og i denne tida dukka også det merkelege talordet 'ørten' opp i Molde også, om størrelsar som det ikkje er råd å telje opp. 

Eg vil nemne at grensa mellom banning og ikkje-banning gjekk ved 'steike'. Det var og er banning i Romsdal, rettnok ikkje grov banning. Eg blei overraska da eg begynte på kristeleg folkehøgskule i 1982 og hørte tensingarar frå Stavanger seie 'steike'. Det var ikkje banning på den kanten. 'Steine' var og er merkeleg nok ikkje banning i Romsdal, sjølv om dette uttrykket akkurat som 'steike' i opphavet er eit ønske noko vondt. Liknande kraftuttrykk, utan stempel som bannskap, var 'steise' og 'styre'. I staden for å seie at nokon var ein 'helvetes tulling', var det vanleg å bruke den gamle genitivforma 'helveta'. Det same finn vi i 'helsika'. Det var berre snakk om 'rasshål' (med tjukk l), aldri 'rasshøl'. 

Da eg voks opp, var det enno ganske mange som sa 'på Molde' i byen, rett nok ikkje i min generasjon og ikkje folk frå sjølve byen. Sjølv var eg van med heimefrå at det heitte 'på Molde', og blant dei andre vaksne innflyttarane frå Romsdal og Nordmøre som budde i nabolaget, var det det same. Eg flytta frå byen i 1982, og da hadde eg enno ikkje tatt ordet 'kul' i munnen. Det var nok ingen som sa 'kul' i Molde den tida, - eller om dei gjorde det, så var det som ein fleip. Sikkert dei første hundre gongane eg sa 'kul', var det som eit ironisk lån frå oslodialekten; - vi som ikkje kom frå Oslo-området, var jo eigentleg ikkje ”kule” nok til å seie 'kul'… No er det heilt innarbeidd hos meg, som det er i moldedialekten, og i Oslo er det  'hipt' og freesjt' no. I staden for 'kult', blei heller 'sløyt' sagt om noko ein likte, noko artig. Trivelege, morosame menneske var 'sløye'. Dette ordet har visst vore brukt i jazzmiljø, så kanskje det er noko jazzpionerane i Rosenes by har gitt oss?

Utflyttarmål og bokmål
Eg var atten år da eg flytta frå Molde. Ganske snart la eg merke til at folk eg kjende frå heimbyen, la av seg enkelte drag frå moldedialekten. Det varierte sjølvsagt i kva grad folk la om talemålet sitt - somme tviheldt på det. Det kunne for eksempel vere lett å merke at enkelte blei ganske mykje "meir" moldensar i målet sitt når dei møtte byfrendar enn dei var til vanleg. Slik tilpassing er heilt naturleg, så det er sagt. Somme fekk ein slags e-lyd som pronomen i staden for den meir markerte i-en (”i e fra Målde, i”), akkurat som om dei var litt flaue over det markerte i-pronomenet. Det nesten alle la av seg, var former som 'hærno' og 'dærno', som blei erstatta av 'hær' og 'dær'. 'Na', 'ta' og 'sa' blei til 'dénna', 'détta' og 'dissa', med lyse vokalar i rotstavinga. Pronomenet 'dæm' blei ofte erstatta av 'di', og 'nåkka' og 'nåkken', som var heilt einerådande i det folkelege moldemålet, blei avløyste av 'noe' og 'noen'. I fleirtal begynte enkelte å snakke om 'ganger' og 'aviser' i staden for 'ganga' og 'avisa'. Den tjukke l-en kunne forsvinne frå enkelte ord, og 'nåkka gale' kunne bli til 'noe galt' (med tynn l). Det utflyttarane derimot ikkje kvitta seg med, var 'é' for 'er', a-endingar i verb (sykla) og tonefallet, som eg må nemne at eg synest er utruleg vakkert.

No har eg inntrykk av at slike språkdrag, som utflytta, unge moldensarar kvitta seg med på 1980-talet, er på veg ut av moldemålet også hos mange av dei yngre i Molde. Det dei blir erstatta med, er det eg litt frekt kan kalle ”knoteformene” eller finmoldensar. Det betyr ikkje at dei tradisjonelle draga eg har nemnt frå moldedialekten har forsvunne hos alle unge, men eg meiner at dei alt i alt kan vere noko mindre vanlege no enn før. Eit muleg samanfall mellom dei språkdraga utflyttarane tok til å bruke for ti-tjue år sia og det ein del moldeungdom har begynt å seie no, er interessant. Det syner kva i moldedialekten det er som er "minst hardført", og det kan fortelje noko om utviklinga av dialekten i framtida. Vi ser iallfall at talemålet endrar seg, og at det stort sett er ord og former som samsvarer med nynorsken som forsvinn, og ditto frå bokmålet som kjem inn. Sia nynorsk berre er sidemål i moldeskolane, gir det lita støtte til bruken av dei tradisjonelle språktrekka som vi finn att nettopp i nynorsken. 

Dialektskilje i byen?
Det er først etter at eg har fått Molde på avstand at eg for alvor har sett forskjellen mellom aust og vest i byen. Dei åra eg budde på Kviltorp og Øvre Berg la eg fyrst og fremst merke til skiljet mellom oss som kom frå bustadfelta frå Fuglset til Kviltorp på den eine sida, og dei som kom frå Årø og innover på den andre sida, "innafor" som det blei sagt. Vi som budde på Kviltorp, Øvre Berg, Bergmo, Øverland og Fuglset, kom frå bydelar som i stor grad var bygde opp frå 1950-og 60-talet og seinare. Her fanst det mange innflyttarar frå bygde-Romsdal, og hadde romsdalsnamn som Stavik, Tornes, Farstad, Gjerde, Hostad og Beinset. Sjølvsagt fanst det au folk frå andre landsdelar. I foreldregenerasjonen var det nok til ein stor grad slik at dialektane til innflyttarane frå Romsdal likna meir på målet til dei som budde på dei gamle gardane enn på bydialekten. Derfor blei dei ikkje nokon stor avstand mellom talemålet til dei nyinnflytta og dei som hadde budd i området tidlegare. Iallfall blei alle vande med temmeleg ”breitt”, romsdalsk mål. 

Dei andre innflyttarane tok med seg sine nordmørs- og sunnmørsdialektar, av og til var dei frå andre stader au, men likevel var desse meir fremmende dialektinnslaga ikkje så sterke og prestisjetunge at dei prega det språket ungane deira voks opp med. Ungar som flytta inn med nordmørs- eller sunnmørsdialekt, begynte å snakke moldensar med tydelege innslag frå den opphavlege dialekten, men likevel: Dei snakka moldedialekt. Dei som ikkje gjorde det, blei i mindre grad "språkmisjonærar" enn dei som veks opp med ein annan dialekt i dag, sia det var færre av dei. No har eg inntrykk av at ungar som veks opp, oftare enn for nokre år sia arvar talemålet til mor eller far eller vesentlege drag frå det, særleg viss det er snakk om ein bokmålsnær dialekt. Og i slike tilfelle er det au meir akseptert at innflyttarbarn held på den dialekten ein hadde før ein kom til byen, eller ein får eit blandingsmål, ein idiolekt. Det er eg eit eksempel på. Sunnmørsdialekt var elles sett svært ned på, i tråd med den avskyen moldensarar iallfall på den tida hadde overfor folk frå sørsida av Romsdalsalpane. Det var vanskeleg å vere sunnmøring og snakke sunnmørsdialekt i Molde da eg voks opp. Det var ein av dei klaraste mobbegrunnane som fanst.

I sjølve byen var situasjonen ein annan - sikkert med unnatak for mobbinga av sunnmøringane. Der fann vi for det første dei gamle moldefamiliane, som hadde budd i byen minst to-tre generasjonar. Mange av dei snakka "fint". Der budde det au fleire legar og advokatar, velutdanna offentlege tenestemenn og forretningsfolk, og dei kom gjerne frå andre landsdelar. Ein del av dei hadde nok talemål med meir status enn for eksempel frening og gossing, dialektane i to av nabokommunane. Her var nok innslaget av innflyttarar med prestisjetunge talemål frå andre landsdelar såpass sterkt at det saman med den gamle finmoldensardialekta sytte for at talemålet i sjølve byen blei meir bokmålsnært enn det eg voks opp med. Sjølvsagt fanst det unnatak, og i sentrumsområda vest for dei bydelane eg kjenner best, fanst og finst det mange frå bygde-Romsdal, med dialekt etter det. Når eg ser på moldedialekten i dag, trur eg  nettopp dette samanfallet mellom finmoldensardialekt og prestisjefylte innflyttarmål har klargjort grunnen for framveksten av ein tydeleg ”finare”, meir bokmålsnær moldedialekt enn den eg hørte rundt meg da eg voks opp. Bokmålet i skolen og media verkar i same retning. Med meir og betre kommunikasjon på ulike plan i samfunnet attåt dette, er det ikkje unaturleg at moldedialekten har endra seg ein del dei siste tiåra. Selfens, såklart.

Av Jon Peder Vestad

 

 

                                               post@skriftogtale.no (c) Skrift og tale 2008