Til skriftogtale.no

 

30000 artiklar på nynorsk

 

Nynorsk Wikipedia nådde 30 000 artiklar i februar 2008. Storebroren på bokmål har 150 000.

 

Arbeidet med ei nynorskutgåve av nettleksikonet Wikipedia tok til sommaren 2004, og det tok om lag tre og eit halvt år å få 30 000 oppslagsartiklar, melder nettstaden til Noregs Mållag, nm.no. Wikipedia er eit dugnadsprosjekt som ingen får betalt for å arbeide med. Alle kan registrere seg og vere med på å skrive og redigere stoff for Wikipedia.

 

Bokmålsutgåva av nettleksikonet nådde 150 000 oppslagsartiklar 30. januar, og 13. februar vart artikkel nummer 30 000 lagd ut på den nynorske utgåva. Nynorsk Wikipedia fyller eit behov for skular, media og privatpersonar sia det ikkje finst noko oppdatert leksikon på nynorsk.

 

Wikipedia finst også på nordsamisk, attåt ”større” språk som færøysk, islandsk, dansk og bokmål. I den nynorske utgåva kan ein også lese utvalde artiklar frå Wikipedia på bokmål.

 

Nynorsk Wikipedia finn du her.

 

nm.no/jpv  28.2. 2008