Til Skrift og tale

 

Norsk rekord i feilskriving?

Norsk rekord i feilskriving vart kanskje sett av ei middels stor dagsavis på Austlandet ein gong hausten 1997. Rettskriving er ikkje lett, og staveprogram treng heller ikkje vere til hjelp. Men – det er ikkje noko nytt at folk til dømes deler opp ord som skal skrivast i eitt. Det finn vi døme på frå 1100-talet.

Av Jon Peder Vestad

Finn førti feil!

Helse- og sosialdirketøren forslpår nå at barvnneret ikke strykes med mer sen det som politkerne har lagt opp til for 1997 og 1998, nærmere bestm seks millioner kroner. 3,8 millioern settes inn på langtsiktige tiltakog forebygnd abeid, mens 2,2 millioner er strakttiltak som blant annet skal brukes til å gjreø tre egnasmenetstillgier om til faste kuratorstilling, og en kontrostilling blri omgjort til kruatorstilling. I tilegg skal de settes inn midlertil opplæring av nyansatte samt ekompetasneutviklignf ro erfarn medarbeider. Dispesnasjosn til å ha økt overtid og ekstrahjelp videreføre.

 

Kva har skjedd? Kva tilstand var journalisten i? Og kor var stavekontrollen? Det får vi nok aldri greie på, men dette sto altså på trykk i ei avis i september 1997.

 

Stol aldri på stavekontrollen!

På diskusjonsforumet for tilsette i NRK sto dette:

 

”Vi --- har lært oss til aldri i verden å stole på Microsofts stavekontroller. Intet kan erstatte egen språkevne og –forståelse. Jeg samler på stavekontrollens forslag til kreativ norsk, og her er noen eksempler:

”Forbrukerrådet” foreslås byttet ut med ”Forbrukerfrådet”.

”Lensmannsførstebetjent” blir i stavekontrollen foreslått til ”Lensmannsbørstebetjent” eller ”Lensmannstørstebetjent”.

”Heltidspolitiker” = ”Heltaidspolitiker”… ”

 

Det er altså all grunn til å vere skeptisk til retteprogram!

 

Sær skriving, særskriving

Å dele opp ord som skal skrivast i eitt, er noko som irriterer mange. Rett som det er kan vi lese om avgifts reglene, billig salg og liknande. Dette er ikkje noko nytt. Frå 1920-talet kjenner vi til boktittelen En Klondyke helt, utan bindestrek. Men eitt av dei eldste døma på særskriving finn vi i ei runeinnskrift frå 1192, der skrivemåtane lougar dagen og botolfs mæso er nytta om lougardagen og Botolfsmæso. Det var greiare skrivereglar den tida… - dei fanst ikkje.