Nynorsk for utlendingar
Var du utlending og ville lære deg norsk, måtte du lære bokmål før. No vel stadig fleire nynorsk.
Årsaka til at vaksne som skulle lære seg norsk laut lære bokmål same kor dei budde i landet, var mangel på læremiddel. Men sia skuleåret 2003-04 har det funnest læreverk, som blant anna Opplæringssenteret i Gloppen har utarbeidd. Bergens Tidende opplyser at det i 2006 var 53 fremmendspråklege som gjekk opp til nivåbaserte norskprøver på nynorsk, og i 2007 82. Sjølv om talet framleis er lågt, kjem det til å auke fordi fleire kommunar no har gått over til nynorsk i norskopplæringa for fremmendspråklege. I Gloppen åleine er det førti vaksne fremmendspråklege som lærer nynorsk, melder Bergens Tidende.