Til skriftogtale.no

 

Nytt storsenter for språk i Katalonia

 

I november 2008 begynner bygginga av det nye senteret til Linguamón, Casa de les Llengües, i Barcelona. Dette senteret skal vere tileigna språkverda og språka i verda.

 

Eurolang.net fortel at det nye Linguamón-senteret skal bli på meir enn 5000 kvadratmeter. Visepresidenten i Katalonia seier at Casa de les Llengües, som betyr språkhuset, skal bli ein storslått, fyrsteklasses kulturinstitusjon som også skal vere med på å sikre statusen til katalansk som hovudspråk i provinsen. Ivar Aasen-tunet (Nynorsk kultursentrum) er ein heimleg parallell til Linguamón, og det finst også eit liknande språksenter i Irland.

 

Museum og opplevingssenter 

I Katalonia er interessa for språk svært sterk, blant anna på grunn av undertrykkinga språket opplevde under det fascistiske styret i Spania. No er det vi på norsk kallar spansk, kastiljansk, ikkje lenger dominerande i provinsen.

 

Det nye språksenteret blir omtalt som eit museum, men blir vel så mye eit opplevingssenter som både underheld og opplyser publikum i alle aldrar. Dei som besøkjer senteret, skal blant abbba få sjå korleis språkleg mangfald og fleirspråklegheit bidreg til rikdom og utvikling.

 

Pris: 140 millionar kroner

Ikkje mindre enn atten millionar euro, om lag 140 millionar kroner, skal brukast på opprusting av dagens Linguamón-lokale og nybygging. Arbeidet tek til i november, og etter planen skal det nye senteret stå ferdig seint i 2010. Det er den  italienske arkitekten Benedetta Tagliabue som har teikna det nye senteret.

 

Katalansk har mange fellestrekk med spansk, men også med fransk. Ein reknar med at ikkje mindre enn tolv millionar forstår katalansk, og ifølgje nynorsk Wikipedia er det einespråk i minirepublikken Andorra. I Spania har det offisiell status på Balearane, i Valencia (med namnet valensiansk) attåt Katalonia.

 

eurolang.net/jpv  28.2. 2008