Til Skrift og tale

 

Del språket ditt!

 

Nettstaden palabea.net er ein møtestad for folk som vil lære språk av andre, gratis. Samtidig lærer ein nye menneske å kjenne.

 

Ideen til palabea.net oppsto på eit kjøkken i Aust-Berlin, fortel newsdesk.se. Spansklæraren Patricia laga mat til to tyskarar, og medan ho laga maten, snakka ho spansk til dei. Etter kursøktene spurde deltakarane om kva dei skulle gjere for ikkje å glømme det dei hadde lært. Og korleis kunne dei bli enda betre? Rådet Patricia ga, var at dei skulle finne nokon å snakke med. Spanskeleven Sebastian kom da på at dei kunne opprette ein nettstad for folk som ville prate på fremmende språk.

 

I november 2007 var palabea.net på plass. Den som vil, kan registrere seg som medlem, fortelje kva for eit språk ein kan, og kva språk ein har lyst til å lære eller bli betre i. Deltakarane har kontakt med kvarandre gjennom video- og lydsnuttar, eller dei kan skrive til kvarandre.

 

Palabea.net er enno under utprøving og utvikling. Men etter berre nokre få månader har det vorte oppretta virtuelle klasser for palabea-medlemmer som vil lære same språket. Det er også mogleg å få hjelp av profesjonelle lærarar i somme språk. Lærarane har høve til å ta betalt, men elles er palabea.net gratis.

 

Av Jon Peder Vestad (26.2. 2008)