Til Skrift og tale

Romaniatyskarane gjev seg ikkje

I Sibiu i Romania bur det berre om lag 2500 med tysk som morsmål. Likevel har byen tyskspråkleg ordførar. Det er vekeavisa Herrmannstädter Zeitung som fortel dette. Også denne avisa er eit bevis på at den gamle, tyske minoriteten i Romania ikkje forsvinn så lett.

Av Jon Peder Vestad

Herrmannstadt er det tyske namnet på Sibiu, Brasov heiter Kronstadt og Timisoara blir kalla Temeswar. Det er mange byar og landsbyar i Romania med tyske namn. Ikkje på alle desse stadene finn vi romaniatyskarar lenger, men framleis er det rundt 85 000 rumenarar som har tysk som morsmål.

Den tyske minoriteten i Romania har budd spreidd i det store landet, som dei har komme til i ulike omgangar. Den fyrste innvandringa skjedde alt på 1100-talet, og dei tyske målføra i landet ber framleis preg av kor i det tyskspråklege området lenger vest innvandrarane kom frå. Mange av romaniatyskarane busette seg i det som blir kalla Siebenbürgen, med Kronstadt (Brasov) som viktigaste by. Der finn vi framleis skular med tysk opplæringsmål, sjølv om det tynnest ut blant romaniatyskarane i landsbyane i åsane omkring. Dei aller fleste har reist til Tyskland.

I 1988 rekna ein med at det budde ein halv million med tysk som morsmål i Romania, som i alt har kring 23 millionar innbyggjarar. Eit par år etter var utvandringa begynt, og alt i 1993 vart talet på tyskspråklege anslått til 150 000 i språkdatabasen Ethnologue. No er talet lågare. Somme kjelder set talet på tyskspråklege til rundt 100 000, men ei fersk undersøking syner at talet ligg på 85 000, dvs. at dei utgjer 1,2 prosent av folketalet i landet. Frå 1990 til 2000 har talet på tyskspråklege i Romania gått ned 390 000! 

Men utflyttingsbølgja ser ut til å ha bremsa. Det var lenge vanskeleg å få innvandringsløyve til Tyskland, og ein del som flytta ut da dikataturet til Nicolae Ceaucescu var omme, har vendt attende til Romania. Den tyske minoriteten i landet får også økonomisk støtte frå Tyskland, ikkje berre frå privatpersonar og organisasjonar, men også frå tyske styresmakter. Og når tyskarane i Romania au er kjende for å vere dyktige og iherdige arbeidsfolk, gjer dette at undergangen til kulturen deira let vente på seg.

Alderssamansetninga hos romaniatyskarane er skeiv, fordi så mange unge og middelaldrande har utvandra. Likevel fanst det ikkje mindre enn 20 000 barn og unge i i alt nesten 300 tyskspråklege barnehagar og skular i 1998/99. Dei fleste barnehagane og skulane ligg i midt- og nordvest-Romania. Ein del av desse barna og ungdommane kjem frå tospråklege familiar, og i kvardagslivet er romaniatyskarar flest tospråklege. Dei unge i den tyske minoriteten gjev ut sitt eige månadsblad, Der Punkt. Det finst au på Internett, akkurat som Herrmannstädter Zeitung (HZ). Minoriteten har eigne fjernsynsprogram, og i Temeswar/Timisoara finst det framleis eit tysk teater. Her blir alle stykka omsette til rumensk medan framsyningane held på! Den kjende forfattaren Hertha Müller er ein av dei mest kjende romaniatyskarane. 

Det tyske innslaget i Romania er ikkje lett å få auge på for folk som ikkje leiter. Men det finst der. I Sibiu fylke stilte det tyskspråklege til val i tolv krinsar ved eitt av dei siste lokalvala, og i heile landet fekk Demokratisches Forum der Deutschen in Rumänien da fem ordførarar. Dette er eit konservativt parti med ikkje mindre enn 50 000 medlemmer, ifølgje Herrmanstädter Zeitung. Dette talet er truleg sett for høgt. Aviser som HZ og Allgemeine Deutsche Zeitung für Rumänien, og tyskspråklege kultur- og samfunnskjendisar gjer at den vesle minoriteten har stemmer i storsamfunnet. Om nokre tiår får vi sjå om dei tyske stemmene i Romania forsvinn med dei unge som i dag skriv i og les Der Punkt.

Kjelder:
Herrmannstädter Zeitung
The Ethnologue
Heimesida til den rumenske ambassada i Oslo m.m.