Skrift og tale blir forlag
Eit nytt, lite forlag er født. Vestad skrift og tale er no registrert med forlagsnamnet Skrift og tale. Tre manus er så å seie trykkeklare, og fleire ventar.
Forlaget Skrift og tale kjem i vår til å gje ut ikkje mindre enn tre diktsamlingar av Leif Bjørn Vestad, og sannsynlegvis to andre diktsamlingar. Forlaget har fått eit romanmanus som det må lesast korrektur på, og det er planer om å gje ut to illustrerte barnebøker. I tillegg er det ein kurshaldar som er interessert i å gje ut eige læremateriell, og det er mogleg at ein utdanningsinstitusjon vil bruke Skrift og tale som utgjevar for kompendia sine.
Billige bøker i låge opplag
Tanken bak forlaget Skrift og tale er at det bør gjevast ut fleire og ikkje færre bøker på norsk. Mange har skrive dikt, noveller, romanar og fagartiklar som andre gjerne ville ha lese om dei fekk høve til det. Det kan Skrift og tale gjere noko med. Det mye omtalte teljekantprinisppet i høgare utdanningsinstitusjonar gjer at det er viktig for mange tilsette å vise til at dei har publisert mye. Mange kvir seg for å sende manus til større forlag i frykt for å bli avvist. Skrift og tale kan gje ut vitskaplege artiklar, hovudfags- og mastergradsoppgåver eller andre arbeid som gjev forfattarane publiseringspoeng og stjerne i boka.
Skrift og tale kjem til å satse på å gje ut bøker med låge opplag, vanlegvis mellom 150 og 250, men opplaget kan vere lågare og gjerne bli høgare! Uansett opplag er det viktig at bøkene ser ordentlege ut, og dei skal ha pen utforming og god papirkvalitet. Det er også eit poeng at bøkene ikkje skal vere dyre.
Enkelt og artig
Det er eit rimeleg og godt digitaltrykkeri på Austlandet som skal trykke bøker for Skrift og tale. Forlaget sender frå seg ferdige pdf-filer til trykkeriet, og ordnar med ISBN-nummer og pliktlevering til Nasjonalbiblioteket. I hovudsak er det meininga at forfattarane skal stå for sal av bøkene sjølve. Forlaget kan hjelpe til med å lage og sende ut informasjonsmateriell om bøkene. Frå fyrst til sist skal dette vere enkelt, ubyråkratisk, profesjonelt og artig!
I fyrste omgang kjem ikkje Skrift og tale til å ha nokon annan forlagsprofil enn "billige bøker med låge opplag". Forlaget er ope for å gje ut det meste, men styrer unna new age-litteratur og litteratur som kan oppfattast som diskriminerande. Vidare kan det bli aktuelt å trykke opp att gamle bøker som det er vanskeleg å få tak i, det vil seie bøker som ikkje lenger er verna av opphavsrett. Tips gjerne om slike bøker, og send gjerne manus til forlaget på post@skriftogtale.no.
Av Jon Peder Vestad (26.2. 2008)