Til Skrift og tale

Snart boksal hos Skrift og tale

Eit par tusen bøker blir om ikkje lenge lagt ut for sal på skriftogtale.no. Det er alt frå antikvariske bøker til heilt nye. Dei er samla gjennom mange år, kjøpte på loppemarknader og på sal, somme er velbrukte, andre ser nye ut.

Bøkene er no registrerte og systematiserte i lister etter sjanger, målgruppe og liknande. Kvar bok har fått ei enkel tilstandsvurdering som går frå 1 til 5. Ei bok som får 5, er det som blir kalla forlagsny, medan ein 1-ar er lefsete og stygg. Ei bok som blir vurdert som ein 3-ar, er i brukbar stand, men kanskje ikkje så pen å sjå til. Bokprisen varierer etter tilstanden og kor sjeldan boka blir ansett for å vere. Kjøparen betaler for boka og for frakta.

Bøkene som blir lagde ut for sal, er for det meste norske og nordiske romanar, men det finst også ein del diktsamlingar, lokalhistorie, biografiar og faglitteratur. Ei og same bok kan bli ført opp i fleire av listene som blir laga til, fordi ho til dømes både kan vere ein biografi og ha tilknyting til ein bestemt region.  

Inntektene frå boksalet er det meininga skal vere med og betale for dei bøkene Skrift og tale planlegg å gje ut.

26.2. 2008