Til Skrift og tale

 

Slik er språk makt 

Når maktsida til språket er viktig, har det minst to årsaker. For det fyrste blir vi utsette for makt gjennom språket. For det andre utøver vi også makt sjølve når vi bruker språk. For ei yrkesgruppe som journalistar har dette faktisk med det overordna målet for media som den fjerde statsmakt å gjere. 

Av Jon Peder Vestad

I boka "Språk er makt" gjev forfattaren, språkpsykologen Rolv Mikkel Blakar, nokre velkjende eksempel på kor elastisk språket er:
* klokka er tjue minutt over sju - klokka er ti på halv åtte
* flaska er halvfull - flaske er halvtom
* det amerikanske engasjementet - den amerikanske aggresjonen
Vi ser at ulike ordval fører til ulike inntrykk.

Språk er makt vil seia at den språkbruken avsendaren vel, påverkar oppfatninga mottakaren får av bodskapen og strukturerer inntrykka han får. Maktomgrepet: er knytt til språkbruken for å bringe fram i lyset dei interessene og perspektiva som finst bak språklege uttrykk. Det å kunna påverke andre si oppleving er uttrykk for ein slags maktbruk overfor mottakarane. 

Det er ikkje berre media som har slik språkmakt, det har vi alle som språkbrukarar - det er umuleg å bruke språket nøytralt. Ord som utan vidare kan stå for det same, treng ikkje innehalde same perspektiv eller standpunkt, - dei påverkar uansett i ei eller anna retning. Ordvalet kan framheve/fokusere ulike sider ved emnet, kan formidle/indikere ulike haldningar osv. Dette treng ikkje vere villa, det berre er slik.

I all språkbruk har vi val mellom fleire tilgjengelege uttrykksmåtar, og dei som skal tolke, har det på ein liknande måte. Dei skal avkode bodskapen, og det kan skapa problem. Tydelegast ser vi dette når det er tale om 
a. homonym/likelydande former; ball: fotball, dans, tull, matrett? 
b. opne utsegner: "Per slo Ola" - tevling eller drusing?

Samanhengen orda er brukt i, hjelper oss i avkodinga. Både inn- og avkoding kan vere vanskeleg. Blakar peiker på forholdet mellom språk og verkelegheit, som er grunnleggjande i språkfilosofien, - kan språket eigentleg fortelja oss noko om det som er utafor språket? Kva er språk, samanlikna med for eksempel geologi? Vel, forholdet språket har til verkelegheita kan i mange tilfelle bli kontrollert ved spørsmål av typen: Er det sant at --- ? Stemmer dette? Men i andre tilfelle er det uråd å sjekke kor sann ein bodskap er: Har Per teke kaker? forsynt seg? stole? naska? 

Viss ein vel eitt av alternativa, har ein teke stilling til kva som har skjedd når det har forsvunne kaker. Reaksjonen er avhengig av ordvalet. I til dømes nyheitsspråk finn vi mye av det same, - ord er valde, og vi kan ikkje kontrollere sjølve kva som er mest i samsvar med verkelegheita. 

Oppfattinga av ord inneheld minst tre opplevingskomponentar: 
* referansen - det ordet står for og viser til
* assosiasjonar - tankar ordet gjev oss
* kjensler - konnotasjonar

Vi har alt sett at eit ord kan ha ulike referansar. Ein ball kan vere noko ein kan sparke, ei dansetilstelling, noko tull, eller ein matrett. Her kan vi sjølvsagt seie at det er tale om ulike ord, men bokstavkombinasjonen `ball` og uttala `ball` fortel oss i seg sjølv ikkje noko om det. 
Til eit ord som `hytte`kan vi ha ulike assosiasjonar. Somme vil tenkje på snø, fjell eller peis. Og ordvalet kan avgjere kva for kjensleinntrykk vi får. Orda frue, kone og kjerring kan vise til same person, men vekkjer ulike kjensler, og avspeglar ulike innstillingar.

Vi oppfattar ordet som ein heilskap og får ei totaloppleving. Å utnytte delprosessane i ordoppfattinga blir gjort i retorikk, politisk språkbruk, reklame, dikting. Reklamen speler til dømes bevisst på assosiasjonar og positive kjensler.   

Språket er både elastisk og produktivt, på den måten at vi kan alle skapa   ordsamansetjingar som automatisk vil kunna bli forstått, sjølv om dei aldri har vorte ytra før. Nye samanhengar kan au gje ord ny meining/nytt innhald. Dataspråket har gitt oss ordet «lagre», som no iblant blir brukt om å hugse. Det er ein ny bruk av ordet. Det blir au skapt nye ord og uttrykk, og bak til dømes namneendringar kan det liggje økonomiske, prestisjemessige og/eller politiske motiv. Når ordet vaskekjerring er erstatta med  reinhaldar, tyder det på auka prestisje for denne yrkesgruppa. Ein fallskjerm blir av dei som får den slags godtgjeringear for å slutte i ein jobb, ofte kalla etterlønn. Dette uttrykket har ikkje same negative klang. Og det verkar meir avansert å vere business controller enn bokhaldar. 

I andre tilfelle får vi nye fenomen som treng eigne uttrykk. Eit eksempel er næringsutvikling. Her er det spela på kjensler og assosiasjonar, meir enn på fenomen. I praksis kan ordet vere ein annan måte å omtale gardsnedlegging på. Når ei bedrift skal gjennomføre ei strukturendring, kan det bety oppseiingar.

Språket sjølv tek au standpunkt, meiner Blakar, slik at det meir eller mindre ope avspeglar maktstrukt. i samfunnet. Standardeksempelet her er ordparet lønnsmottakar eller arbeidstakar og arbeidsgjevar; - ein som tek eller får, ein som gjev. Blakar nemner ordet politi, som han kallar for ein språkleg etikett - sikkert for å vere mest muleg sakleg. Denne etiketten er ikkje nøytral, og i synonymordboka har han ikkje funne klassepurk, men andre omgrep som representerer ei forståing av språk og samfunn, dvs at ordboka har tatt stilling. 

Noko anna som viser at språk er makt, gjeld det vilkårlege forholdet mellom uttrykk og innhald i språket. Namna vi gjev ting, er tilfeldige, på den måten at det ikkje er tingen som gjev seg sjølv namn, men vi som gjer det. Eller er det det? Det å få sitt namn, sitt omgrep gjengs, viser gjennomslagsevne, altså makt. Har alle lik mulegheit til å få gjennomslag for sine uttrykk? Neppe. Somme grupper har høgare prestisje enn andre, også somme språk. Dersom norsk slang hadde utvikla seg frå nordnorsk, ville det ha vore fordi nordnorsk talemål hadde høg prestisje. Skjer ikkje, bortsett frå skjellsord og grove, humoristiske uttrykk. 

Særleg kan vi leggje merke til prestisjen bak reklamespråket. I reklame finn vi mye  bruk av engelsk. Ei vare som er lansert på engelsk verkar internasjonal, ikkje heimegjort, sjølv om ho aldri så mye kjem frå norske kyr ("Milk is a better drink"). Sameleis finn vi at bruk av faguttrykk kan auke truverdet til ei utsegn, - det verkar som om det ligg solid kunnskap bak.  

Verkelegheita språket strukturerer
Språket kan skapa det det blir brukt til. Altså: I språket har vi mulegheit til å halde oss innafor språket, utan at det vi bruker språket til viser til noko handfast utanfor språket. Både i slike indre-språklege tilfelle og når språket skildrar noko i verkelegheita, så kan ordet eller namnet verke strukturerande på oppfatninga vår av det det blir tala om. Eit ord som  solidaritetsalternativet spelar på positive kjensler knytt til ordet solidaritet, samsyndes som àlternativet`tyder på at det finst noko anna som ikkje er solidarisk… Uttrykket samråderett speler også på positive kjensler, og da Arbeidarpartiet lanserte dette ordet på 1990-talet, var politiske motstandarar raskt ute med mot-omgrepet samrørerett. 

Den verkelegheita vi er i stand til å sjå eller forstå, kan au bli skapt av språket. Vi kan seie det slik at det vi ikkje har ord for, finst ikkje for oss. Har vi hørt om drikkevegring eller heimemamma? Det vi kan godta finst, er sant eller verkar muleg, blir av same grunn bestemt av språkbruken. Det er til dømes  vanskeleg å godta arbeidskjøpar fordi ordet ikkje blir brukt. Og om det blir brukt - av nokre få - så er det ikkje sikkert at det blir forstått, eller så kan ordbruken bli forstått, men ikkje godteken... Kanalstøy, altså.

Språket syner status og kontakt med ei gruppe, eit samfunnslag eller liknande på den eine sida. På den andre sida formidlar språkbruken avstand til andre, som kan få ei avmaktskjensle av ein språkbruk som ikkje er tilpassa dei. Gjennom språket gjev vi eit bilde av oss sjølve, og vi plasserer haldningar, bakgrunn og innstilling til den vi pratar med - til dømes  kva vi trur om kunnskapsnivået. Språket skapar fellesskap og grenser ved hjelp av slang, fagspråk, dialekt, sosiolekt.

I språket finn vi au hjelpemiddel som viser nærheit og avstand. Det kan skje ved bruk av  pronomen og helsemåtar. Høfleg tiltale kan både uttrykkje avstand og age, medan du-tiltale syner at ein er på like fot. Og vanlegvis ville vi ikkje finne på å seie "sit du her da, kvinna mi", men kan seie "sit du her da, jenta mi". 

Språket skaper rammer og mønster for verkelegheitsoppfatninga vår. Det presenterer som vi forstår språkbrukaren, og det skaper fellesskap og avstand. I dette ligg det makt. 

Språkbrukarmakta  
Kva medium noko blir formidla gjennom, kan påverke ordvalet. Eit tydeleg eksempel er måten økonomistoff blir presentert på i Dagens Næringsliv og lettles-avisa Klar Tale.  Ved formidling kan skaping, sturkturering og omforming av verkelegheita skje i tre ulike faser:
* sansefasa (persepsjonsfasa), 
* minnefasa 
og ikkje minst i verbaliserings-/innkodingsfasa. 

Blakar skisserer ein forenkla kommunikasjonsmodell, der person A vil formidle hending X til mottakar B, og B avkodar formidlinga A har koda inn, kanskje ukritisk og utan feiltolkingar. Blakar påpeikar at det er uråd å snakke om ein passiv referent som formidlar informasjon. Ut frå ein slik tankegang kan vi tenkje oss at Dagsnytt nøyer seg med å referere hendingar. Det er for eksempel sjeldan at det blir sagt rett ut at Dagsnytt kjem med framlegg til kva som er viktig og mindre viktig av hendingar om dagen, - at nyheitene gjev ei strukturert oppfatning av samtida. Men det er jo tale om val...

Blakar dreg inn eit kommunikasjonsperspektiv, det vil seie at han knyter språket til kommunikasjonssamanhengen. Dette perspektivet gjer det uråd å førestelle seg kommunikasjonsmodellar med friksjonsfri formidling og passive avsendarar eller mottakarar.  Språkbrukarane er aktive, og kan bruke språket som verkemiddel og maktmiddel.
1. Val av ord og uttrykk

2. Nyskaping av ord og uttrykk 

3. Val av grammatikalsk form 
a. "Dæhlie slo Ulvang" ? Dæhlie i sentrum
"Ulvang vart slått av Dæhlie" ? Ulvang i sentrum
b. "Politiet tok demonstrantane" ? Politiet er i sentrum
"Demonstrantane vart tekne av politiet" ? Demonstrantane bar seg slik åt at politiet måtte gripe inn

Val av aktiv eller passiv form av verbet kan påverke oppfatninga mottakaren har av årsak, og det endrar fokus, kven som er "hovudperson". Det som står på subjektplass i setninga, er i framheva posisjon. Bruk av aktiv/passiv kan syne perspektivet eller interessene til avsendar, og er ikkje nødvendigvis eit tilfeldig val... - men det kan vere det. 

4. Val av rekkjefølgje/sekvens
Plassering (stokking) av jamstelte ord verkar inn på inntrykket og minnet. Vi hugsar best det som kjem aller fyrst, eller som er markert heilt sist.

5. Trykk, tonefall og pausering
Ved tale veit vi kor mye uttalemåte og pauser kan fortelje. I skrift finn vi det same ved utheving, kursivering, bruk av store bokstaver, sitering, småord ("såkalla") og prikk-prikk-prikk.

6. Val av underforståtte premissar
To enkle eksempel på underforståtte premissar er ytringar av typen "Som vi alle veit---" og "Den uunngåelege omleggjinga/nedleggjinga". På denne måten blir emnet strukturert; kva som er emnet her og kva blir teke for gitt for å forstå den nye informasjonen som blir formidla. Dette kan brukast til å smugle inn informasjon som det er lagt opp til at mottakaren ikkje skal diskutere eller ta stilling til. Mottakaren må skifte perspektiv og omstrukturere samtalediskusjonen dersom han vil ta opp det som er lansert som udiskutabelt, som ein premiss for samtala. Det kan vere vanskeleg, og dermed kan mottakaren bli teken til inntekt for samtalepremissane om han ikkje protesterer. Avsendaren har da fått ordbruken - og kanskje verkelegheitsoppfatninga - på sine vilkår. Her er makta tydeleg!
  
Avsendar med ulike posisjonar
Alle bruker vi språklege maktmiddel, men vi har ikkje like maktposisjonar. Folk med ulike maktposisjonar har ulike høve til å lære seg meir avanserte språklege verkemiddel. Dei som har mest makt, kan avgjera kva språklege verkemiddel som er gangbare. Dei avgjer også til ein viss grad kva ord og uttrykk skal tyde. For å vere `negro` eller `colored` i USA er det nok med ein drope `svart` blod. Hadde makt- og prestisjeforholda i USA vore annleis, var det kanskje nok med ein drope `kvitt` blod for å vere `caucasian` (`kvit`). Språklege verkemiddel blir brukt i maktkampar, som i samtalesituasjonar, og somme er flinkare enn andre til å bruke desse verkemidla.

Blakar vil unngå å framstille avsendaren som passiv, og peikar på at avsendaren 
a. bruker språket aktivt og kreativt
b. er skapande/strukturerande i forhold til emnet
c. gjev eit bilde av seg sjølv (viser identitet og sosial plassering)
d. skapar ein sosial samanheng med 
- ei avtale om gangbar språkbruk
- ei bestemt verkelegheitsoppfatning  

Det finst likevel grenser for skaparfridommen:
1. Emnet:  Kunstnarar kan bryte med verkelegheita eller tøye grenser

2. Språket: Til dømes kva ord som finst og kva haldningar som finst bak orda 

3. Forholdet mellom avsendar og mottakar: Den innstillinga og tilliten til og opplevinga av avsendaren mottakaren har, påverkar moglegheitene avsendaren har til å få gjennom bodskapen slik han vil. Avsendaren er ein del av bodskapen.

4. Fridommen mottakaren har til å tolke eller ta stilling: Ein må vere relativt vaken for å stille spørsmål til premissane avsendar har lagt for formidlinga si.

Mottakaren  kan knyte bodskapen anten til a. avsendaren (person) eller til b. innhaldet (sak). Blakar bruker amerikansk engasjement/amerikansk aggresjon i Vietnam som eksempel. To journalistar bruker kvart sitt omgrep, og viss det er innhaldet ein mottakar festar seg ved, har han valet mellom to ulike strukturerings-forslag, som så vil kunna påverke mottakaren. Festar ein seg ved sak eller innhald, kan ordvalet til reporteren påverke mottakaren si oppfatning. Er ein meir oppteken av avsendaren, mennesket bak bodskapen, held ein på oppfatninga si av det som skjer i Vietnam, men ordvalet til reporteren påverkar oppfatninga mottakaren har av reporteren, eller av det politiske synet til reporteren.  Her kan vi tenkje på korleis person av og til blir viktigare enn sak for folk. Dersom dei ikkje liker ein journalist, blir dei fort skeptiske eller negative til det han eller ho formidlar.

5. Samspel/vekselspel i samtale: Mottakaren er også avsendar; dei to bytter rolle, og vekslar på å bruke dei språklege verkemidla. Mottakaren påverkar også avsendaren i innkodinga, fordi avsendar som oftast vil prøve å ta omsyn til mottakaren for å sikre seg at avkodinga blir som ønskt.Og i vekselspelet mellom dei to partane er det grunnlag for ein språkleg maktkamp.  
 
Språket er konservativt og nyskapande
Språket viser tydeleg makt på område der maktstrukturen også er klar, som i kjønnsrollemønsteret. Språket kan her avspegle, konservere, yte motstand mot endring og innprente. Det gjeld til dømes kjønnsrolleoppfatninga. Manns- og kvinnerollene blir haldne oppe mellom anna pga språket, og språket er eitt av fleire verkemiddel i arbeidet for jamstelling. Språket kan gjera motstand mot sosiale endringar fordi språkstrukturen er konserverende. Språket er bygd opp over tid, og det tek tid å endre språket. Språklege nyskapingar kan på si side motverke endringar i samfunnet ved å tilsløre verkelegheita. Kven har makt til å få gjennomslag for nye ord, for eksempel, og kva interesser har dei?

Blakar kjem med nokre eksempel som viser at jamstellinga har komme noko lenger enn tidleg på 70-talet, iallfall på overflata. Det er ikkje mange i dag som ville finne på å titulere nokon som  fru professor Hansen. Likevel bruker vi nok oftare berre etternamn om menn, medan kvinnene må ha eit tillegg, eit førenamn eller ein frue-tittel. Dette endrar seg vel i og med at fleire kvinner held på etternamna sine heile livet.  

Vi kan reagere mot til dømes  professor Ystad - ho, elektrikaren - ho av to grunnar. Den eine er det språklege uttrykket, altså at eit hokjønnspronomen kan vise til eit hankjønnsord. Dette er etter måten nytt i språket vårt, og korrekt språkbruk. Den andre grunnen er det verkelege innhaldet - sia vi har eit fleksibelt, men likevel stabilt verdssyn som er skapt av kjensler og fornuft og formulert av ord, og at vi dermed kan reagere eller stritte imot noko ukjent/ufordøygd. Men i dag er det vel få som reagerer språkleg på at Rosemari Køhn blir omtala som biskop Køhn. 

Vi skal tenkje over når presiserer vi kjønnet, for det fortel noko om kva som blir sett på som naturleg og kva som er eit avvik. "Den kvinnelege drosjesjåføren" fortel underfoorstått at drosjesjåførar er menn, og at det her er tale om eit unnatak som lyt presiserast. Likestillinga kjem ikkje lenger av at kvinner eller menn blir peikte ut som avvikarar på denne måten. Kjønn kan markerast på andre måtar.

Sjølv om vi har komme eit stykke på veg i arbeidet for jamstelling, heng språket att, jf nedsetjande ord om kvinner eller korleis nemningar for kvinner kan brukast nedsetjande. 

Blakar skisserer tre måtar språket kan spegle samfunnsutviklinga på. Gjennom språket kan vi 
1. gje omgrep utvida tyding (formann, målmann, vaskekone)
2. innføre nye omgrep (forkvinne, stortingskvinne, vaskemann)
3. skapa kjønnsnøytrale ord (stortingsrepresentant, målvakt, reingjeringshjelp) 

Blakar meiner at det å bruke kjønnsnøytrale nemningar kan ha fleire grunnar enn "berre omsynet til kjønnsaspektet". Her er det tilsløringa kjem inn; - ordbruken er endra, men ikkje verkelegheita orda blir brukt om. Men sia orda er kjønnsnøytrale, oppdagar vi det ikkje så lett. Hadde orda mann og kvinne hatt lik status osv, hadde det ikkje vore nødvendig å innføre kjønnsnøytrale nemningar. Ordet mann har høgare prestisje, og er det umarkerte i forhold til ordet kvinne;  ei kvinne er ein ikkje-mann.  .

Eit godt døme på kor fanga vi er av språket, viser ei undersøking av K.J. Håseth (Norske ordassosiasjonsnormer). Undersøkinga er riktignok frå 1960-talet, men ho er nok ikkje er fullstendig uaktuell. Folk skulle seie kva ord dei knytte til `mann` og `kvinne`. Dette vart resultatet:
mann: arbeid, arbeider, arbeidsdag, karriere (barn, far; ikkje elskar)
kvinne: sex, sexy, seng; barn, mor (elskarinne)

Når ordet yrkesmann ikkje finst, meiner Blakar at det er fordi `yrke` ligg innafor meiningspotensialet til ordet `mann`: Er du mann, har du yrke. Det same er ikkje nødvendigvis tilfelle for kvinner, og derfor lyt det bli framheva. Når vi hører ein yrkestittel, reknar vi i dei fleste tilfelle med at det er ein mann, ifølgje Blakar. Men det var fyrst på 1970-talet. I dag er stoda iallfall delvis ei anna, som for yrkesnemningar som lege og journalist. Mann eller kvinne? Kven veit. Også `sjef` vil for mange ikkje seia noko om kjønnet, her er det nok meir tale om kva for bransje det er i. Likevel finst det nok av titlar som kan få oss til å tenkje `mann` og ikkje kvinne - sjåfør, elektrikar, ekspeditør osv.      

Dei ulike haldningane og bruksområda for `mann` og `kvinne` som trass alt finst i språket, gjer det vanskeleg å framstille og formidle idealet vel dei fleste av oss har om eit samfunn med full jamstelling.Vi er fanga av språket, samstundes som vi fører nye generasjonar inn i dette språket, og dermed inn i førestellingsverda vår. Dermed blir våre haldningar, som vi har arva, ført vidare. 

Blakar skriv at ei bevisst haldning - mellom anna til språket - gjer at ein kan få til endringar i samfunnet. Han teiknar opp to måtar å gjera dette på:
a. Å avsløre kjønnsdiskriminering i den daglegdagse språkbruken
b. Å skape nye ord som "kallar ein spade ein spade" eller er nøytrale

I artikkelen «Kjønn, språk og ideologi» (Språknytt 4/97) viser Toril Swan at dersom feminisme eller kvinnekamp har endra det norske språket på nokon måte, så er det eit eksempel på ideologi-basert språkendring. Swan påpeiker at vi i Noreg har valt ein generisk strategi i arbeidet for likestilling, dvs at idealet er at personnemningar ikkje skal vere kjønnsmarkerte; nemningar som 'lærar' og 'skodespelar' fortel ikkje kva kjønn det er snakk om. Vi har vidare valt å godta at hokjønnspronomen viser til hankjønnsord, osv - men her finst det nok ein viss motstand blant språkbrukarane. Denne strategien er supplert av bevisste val av kjønnsnøytrale titlar, til dømes ombod, ikkje ombodsmann/-kvinne.

I tysk er det valt ein synlegheitsstrategi. Kvinner i mannsdominerte yrke blir synlege ved bruk av -in-ending, som i die Journalistin og die Professorin, fortel Swan. Ho skriv vidare at kvinner blir sjeldnare brukte som eksempel i lærebøker. Dette kan fungere som usynleggjering, Vi har framleis eit ujamt forhold mellom kjønna - også språkleg sett. Uttrykket «ta det som ei kvinne» kan brukast, men er sjeldan. «Karrierekvinne» finst, men ikkje «karrieremann». Likevel - språkbruken vår har endra seg, og Toril Swan meiner at ei ideologisk endring kan ha sett i gang den språklege jamstellingsprosessen, som så att kan påverke ideologien eller verdiane vi har felles i samfunnet. Nokon med ein bevisst jamstellingsideologi har fått språkleg gjennomslag, som så att har påverka vår felles ideologi og språkbruk. Haldninga til dei få har ført til haldnings- og språkbruksendring til dei mange. Vi får presisere at endra språkbruk ikkje treng bety at haldningane bak faktisk er endra, og ein "gammaldags" språkbruk er ikkje nødvendigvis meint nedlatande.  

Språkleg reversering kallar Blakar det når han nemner mulege uttrykk som sjukebror, skravlemann, kvinnemot, å vere si eiga kvinne, jomherre og presiseringar av typen `mannleg drosjesjåfør`. Dette klargjer diskrimineringa i språket og samfunnet, og får ho fram i lyset. Andre eksempel er forkvinne og polititenestekvinne, som har gått inn i språket.  Som eit eksempel på ei nyskaping blir det kjønnsnøytrale stortingsrepresentant nemnt. Ingen reagerer på det i dag, men Blakar hevdar at ordet er tilslørande. Grunnen er at det gjev inntrykk av at det møter representantar på Stortinget, og at kjønnet er underordna. I og med at ordet ikkje fortel noko om kjønn, fortel alle dei gongene vi møter ordet oss ikkje noko om den skeive fordelinga mellom kjønna på Stortinget. Hadde  stortingskvinne vorte brukt, ville bruksfrekvensen vore lågare enn bruksfrekvensen til  stortingsmann, og dermed hadde vi ubevisst eller indirekte fått inntrykk av det verkelege forholdet. 

Den strategien vi har valt i Noreg, kan verke som eit tviegga sverd. Ved å bruke kjønnsnøytrale nemningar, aukar vi opplevinga av reell jamstelling, og påverkar mulegvis haldningar i samfunnet. Samstundes dekkjer kjønnsnøytrale titlar over dei verkelege forholda. Det er ikkje full likestilling i Noreg.

Norsk språkråd har gitt ut ein brosjyre om kjønn, språk og likestilling. Språkrådet tilrår at ein skal bruke kjønnsnøytrale ord når det er tale om båe kjønn, eller ein ikkje veit kva kjønn det er tale om. Vidare skal ein behandle kvinner og menn slik at båe kjønn er synlege. Det vil seie at vi seier  'ankermann' og 'ankerkvinne' og bruker fornamn og etternamn likt om båe kjønn. Dessutan kan vi veksle mellom han og ho om personnemningar, også der vi kan synest at det er litt uvanleg: Reinhaldaren - han, montøren - ho. Viss det verkar rart å snakke om ei yrkesutøvar som han eller ho, kan det vere lurt å setja det i fleirtal - dei. I dag er pronomenet han brukt langt oftare enn kjønnsfordelinga i samfunnet skulle tilseie…, og dette gjer at kvinner blir utestengde, oversedde eller glømte. Usynleggjering, med andre ord. 

Kjønnsdiskriminerande omtale skal ein unngå, for eksempel slike "sjølvsagte" adjektiv som at ei kvinne er lita, vever og blond. Ville ein sagt dette om ein mann? Sjeldan. Tilsvarande adjektiv om menn er sterk, høgreist og svartmuska… Til hjelp for å unngå kjønnsdiskriminerande stereotypiar kan ein setje det motsette kjønnet inn i språksamanhengen. Ville vi ha brukt dei same omgrepa da? 

Språkundertrykking  
Val av språk kan vere noko av det viktigaste vi gjer. Over heile verda må folk velja språk, sjølv om alle er fødde inn i ei eller anna språkleg verkelegheit der valet igrunnen er teke av foreldra eller samfunnet rundt. Somme vel eller blir pressa bort frå morsmålet sitt. Det har mellom anna skjedd med fleire tusen finnar og samar i Noreg. Dei har valt bort språket sitt, undertrykt det - eller andre kan ha undertrykt det.

I vår mediekvardag møter journalistar menneske med ulik språkleg bakgrunn. Som journalistar har vi visse språklege rammer å arbeide innafor, og vår språkbruk blir lagt merke til. Dersom språkbruken i media speglar ei bestemt samfunnsgruppe, risikerer vi å signalisere til menneske frå andre samfunnsgrupper at språket deira ikkje er godt nok til offentleg bruk. I skrift har vi to språkvariantar, som så att kan formast på litt forskjellige måtar. For å motverke einsretting i tale, har NRK i språkreglane sine at institusjonen skal spegle det sprklege mangfaldet i landet vårt. Dialektar kan nyttast, og også den normerte tala kan godt få eit regional preg. 

Journalistar spreier anten dei vil det eller ikkje, ein slags mal for kva som er gangbar språkbruk. Det er ei sak. Noko anna er det at journalistar ikkje har høve til å spreie sine eigne språklege fordommar, - det er på linje med at journalisten blir part i ei sak, i staden for ein kritisk formidlar. På dette punktet er det at vi lyt sjå på det tette sambandet mellom språk og språkbrukar.

Språkbruken vår kan bli respektert eller sett ned på. Dette er eit makt- og undertrykkings-middel, og derfor er dette viktig for oss som skal bruke språket som reiskap for å kommunisere med andre. Folk som hører til eit språkleg mindretal kjempar ikkje berre f retten til å bruke språket sitt og få det anerkjent og respektert, men au for veremåte og kultur. 

Det tette forholdet mellom språk og kultur ser vi også i Noreg i dag. Kvenar, dei som har finskspråkleg bakgrunn kjempar for finskundervisning i skulen. Dei reisande, tatrane, vil at staten skal bruke pengar på å redde taterspråket. Ein reknar med at språkleg undertrykking av samar har vore med på å skape sosiale problem, og det har hindra mange samiskspråklege i å ta utdanning og ta del i samfunnslivet. Vi ser også at nynorskbrukarane i Noreg møter motstand på mange måtar. Vi må heller ikkje glømme at mange ord frå kvinneverda - trass i at den er like omfattande som mannsverda - ikkje har vorte tekne med i ordbøker, og at ein kvinneleg måte å uttrykkje seg på ikkje har vorte anerkjent i mange samanhengar.

Dersom språket til ei gruppe ikkje blir respektert eller at språket faktisk blir sett på som mindreverdig, så har dei som sit med språkleg makt gjort to ting. Dei har både stempla stempla kulturen og språkbrukarane som noko utafor det akseptable, gangbare. Det er sjølvsagt uråd å oversjå eller nedvurdere eit språk utan at det går ut over språkbrukarane og kulturen deira. Språkleg rettferd blir sett på som ein del av kampen for fulle demokratiske rettar og retten til å kunne vere fullverdig samfunnsmedlem. Det er ein del av det journalistiske oppdraget å gjere det mogleg for menneske med ulike føresetnader å forstå og ta del i det som skjer i samfunnet.

Språkdød og språkleg usynleggjering
Historia er full av eksempel på språkleg undertrykking. Det er stor språkdød i verda i dag, og dei fleste språka er svært små. Norsk er eit ganske stort språk når vi ser på brukartalet, men blir likevel av somme sett på som truga. I  Farvel til språkmangfaldet? viser Olav Randen til ei raudbok UNESCO har gitt ut om språkforholda i verda. 90 prosent av dei ca. 6000 språka i verda er i faresona for å døy ut, andre meiner fleire. Randen meiner at språkbruken i verdssamfunnet blir meir einsretta, og peiker på ting som også skjer i Noreg. Mellom anna blir dialektforskjellane blir mindre, og somme dialekter døyr. 

Dette er eit godt eksempel på at to motstridande ting skjer samstundes. Dialekt er meir akseptert brukt i alle samanhengar no enn før, det siste tiåret au i etermedia, men dialektane døyr likevel. Randen skisserer korleis norsk kan miste bruksområde, ved at bedrifter til dømes bruker engelsk internt, og at meir og meir reklame er på engelsk. Det vil etter kvart vere område der det ikkje er akseptert eller mogleg for oss å uttrykkje seg på norsk. Når norsk er uaktuelt i Noreg som bruksspråk for folk med norsk som morsmål, er det eit teikn på at norsk har tapt bruksområde. Eit anna språk har makt og prestisje som gjer at norsk ikkje kan brukast. Denne situasjonen kjenner mange språklege minoritetar til, som finsk- og samiskspråklege nordmenn, eller menneske med plattysk som morsmål i Tyskland. I skule og arbeidsliv må dei brukle Hochdeutsch. 

Språkstrid har vore eit aktuelt emne i Noreg i 150 år, og pregar kvardagen vår på ymse vis.  Blakar hevdar at bokmålet har representert embetsklassa og byane. Dialektar har vore  talemålet til folk flest, og nynorsken byggjer på dialektar. Det språkvalet ein gjer - om ein snakkar "rein" dialekt eller ikkje, skriv bokmål eller nynorsk,  har ulike sosiale og psykologiske effektar på både avsendar og mottakar i ein kommunikasjonssituasjon. Det er lett å tenkje seg til om ein føler seg heime i ein språkvariant eller ei, og at det kan merkast på andre. Vi blir au plasserte geografisk ut frå språkbruken vår. Blakar skriv at det viktigaste i denne samanhengen er at språkvalet vi gjer fortel om bakgrunnen vår, sosialt og geografisk. Språket vårt er med og skapar identiteten vår, både for oss sjølv og for andre.  

Mange har sett på Noreg og Finland som gode føredøme i arbeidet for språkleg rettferd. Det viktigaste for nynorskbrukarane i Noreg, dei svensktalande i Finland og andre som tilhører språklege mindretal har vore å få språket akseptert i det offentlege rommet. Språket må brukast i offentlege samanhengar, det må bli undervist i og bli brukt i litteratur og media. Likeså må det vere i bruk av det offentlege. Ikkje alle meiner dette er like nødvendig, all den tid eksempelvis nynorskbrukarane forstår bokmål. Men også folk som tilhører språklege mindretalsgrupper er borgarar, skattebetalarar og forbrukarar, og skal dermed hørast. Evne til å organisere seg og til å setje makt bak krava sine er viktige for at språklege mindretal skal få rettane sine, attåt gode støttespelarar. I Noreg har til dømes NRK gjort mye for å halde opp det samiske språket.   

Når eit bestemt språk blir funne "upassande" i bestemte samanhengar, gjer det språkbrukarane usikre på sitt eige språk. Det blir noko som skil seg ut, eit avvik, sjølv om det er hjertespråket til brukarane. Det kan gå på identiteten og sjølvrespekten laus - språket deira er ikkje godt nok. For dei som tilhører fleirtalsspråket er det vanskeleg å sjå dette. Eit ikkje uttalt krav om at ein skal byte språk eller ikkje snakke dialekt  kan fungere som systematisk undertrykking av store grupper menneske. 

Vrangførestellingar
Somme vil nekte for at det finst språkleg undertrykking i Noreg.  Men vi finn tilsynelatande velvilje, som kan skjule vankunne og vrangførestellingar. "Å, så vakker dialekt du snakkar" er noko som ofte blir sagt til folk som snakkar spesielt, eller sjeldan, og dermed får ein markert at dette talemålet er uvanleg. Det betyr ikkje at folk skal slutte å rose, men at den som tek imot rosen skal vere klar over at det kan liggje noko anna bak. Det er oftast den med mest makt som kan eller tør gje komplimang. Den som roser viser altså sin eigen posisjon, attåt å gje nokon skryt for «søtt», «gammaldags» mål. Her kan vi au skilje mellom nær og fjern dialekt. Det talemålet som ligg nær den dialekten ein sjølv har, er "farleg", han er nesten-vår, men ikkje heilt, han er utafor området til vår språklege og kulturelle felleskap. Er det derfor alle som bur ein times avstand frå Oslo snakkar så "rart"?  

"Nynorsk er så vakkert i lyrikk" kan vere ein annan måte å få sagt at det berre er lyrikk nynorsk passar til. Og når nokon seier at det er så vanskeleg å skrive nynorsk, men ikkje har vanskar med engelsk eller fransk, så fortel dei at dei ikkje har funne det verdt å lære seg nynorsk skikkeleg. 

Men dette handlar ikkje berre om nedvurdering av dialektar og nynorsk. Vi kan også høre at folk seier dei  bruker engelske lånord fordi dei "passar liksom best". Vi låner ord frå språk eller grupper med prestisje, og i vår tid er det angloamerikansk kultur som har høgast prestisje hos oss. Det å fylle språket sitt med engelske lånord kan dermed indirekte fortelje om ei nedvurdering av sin eigen språkbakgrunn.

Bruk av lånord og fremmendord kan også komme av ei oppfatning av at norsk er eit fattig språk. Det er uråd å avgjere om eit språk er rikt eller fattig. Det kan ha eit rikt ordforråd på somme område, og vere ordfattig på andre. Det heng saman med kva språket har vorte brukt til. Norsk er likevel eit språk der det er lett å lage nye ord, om ein vil, til dømes ved å setje saman ord. Språket vårt utviklar seg heile tida, og ikkje minst media har stått i bresjen for å forsyne norsk med ord for nye fenomen. Frå islandsk kjenner vi til at eit språk kan vere sjølvforsynt med fagomgrep om det er vilje til å arbeide for det. 

Det som nok er verst å oppdage, er skjulte fordommar. Eit målføre eller eit språk blir sett på som vanskeleg, rart, vittig eller gammaldags, og dette er ei oppfatning som ofte ikkje kan bli motbevist. Under ligg det ei oppfatning av brukarane, som rare, vittige (ikkje til å ta alvorleg) eller gammaldagse, men det er ikkje denne oppfatninga som blir uttrykt. Stemplinga går tilsynelatande på språket og rammar språkbrukarane, ofte utan at det er noka bevisst vilje hos den som uttrykkjer haldninga. Bak uttrykk som «fjøsspråk» og "grautmål" om nynorsk, ligg det ei haldning som seier at det er fint med bokmål eller standard austlandsk ("oslomål"). Det finst ikkje så reint lite snobberi i slik stempling, og det vi skal vere merksame på, er kven det er som er i ein posisjon der dei kan tillate seg, ikkje berre å mislike, men sjå ned på andre sin språkbruk. Det fortel noko om språkleg makt og prestisje i Noreg at det ikkje finst uttrykk som "eksosspråk" eller "loffmål". Ikkje sjeldan fører dei sprklege fordommane til at folk som snakkar annleis enn dei som sit med språkmakta, kan ta avstand frå språket dei har vakse opp med. Herma «Nå har jei vært i Oslo å i ska vare herno ei veke te» fortel sitt…

Det er greitt nok at for eksempel journalistar ikkje skal vere nedlatande overfor intervjuobjekt og publikum, og at dei ikkje skal spreie våre eigne fordommar. Men korfor er det så viktig for somme å stemple språkbruken til andre på denne måten? Det å markere avstand til ei gruppe, fortel noko om kva for gruppe ein sjølv hører til, og identiteten ein har kan bli styrkt. Attom ei slik identitetsmarkering kan det liggje utryggheit, og det er utryggheit hos dei det går ut over det også kan føre til. 

Humor og latter er eit effektivt verkemiddel. Berre den som er trygg, kan fleipe med seg sjølv. Når andre gjer det, finst det alltids ein mistanke om at det ligg noko meir bak. Det betyr ikkje at det berre er homofile som kan fortelje homsevitsar, men at dei som fortel, ikkje legg nedvurdering i vitsane. Da ei laussalsavis for nokre år sia spurde ei rekkje nynorskkjendisar om dei visste kva ein del sjeldne nynorskord betydde, fekk mange seg ein god latter. Samstundes greidde avisa å få fram kor ubrukeleg og vanskeleg nynorsk er. Noko tilsvarande ville neppe skjedd med sjeldne bokmålsord - og dei finst.  

Kan til dømes journalistar gjere noko for å bøte på språkleg maktmisbruk? Ja, ved å  vere språkleg bevisste - også som rollemodellar og «påverkingsagentar» for toleranse og auka kunnskap. Dessutan må ein unngå språkleg undertrykking, usynleggjering og latterleggjering. Akkurat som vi ikkje i alle samanhengar bør påpeike innvandrarbakgrunn, seksuell legning eller andre eigenskapar ved eit menneske, bør vi heller ikkje dra fram språkføringa til ein person der dette ikkje har noko med saka å gjere. Og sia journalistar er i ein formidlingsposisjon, må ein vere på vakt mot formidling av fordommar som går ut over ein bestemt språkbruk og dermed -brukaren, der dette ikkje er emnet. Det språklege mangfaldet vi har i landet vitnar om eit samansett kulturfellesskap, og det skal media skildre og spegle.  

Artikkelen er opphavleg mynta på journalistar. Han byggjer i hovudsak på boka "Språk er makt" av Rolv Mikkel Blakar, Pax Forlag.