Til Skrift og tale

Tre diktsamlingar same år

 

Med boka Dråpeflor er lyrikaren Leif Bjørn Vestad ute med si tredje diktsamling. Det spesielle er at alle tre bøkene kjem same året.

 

I mai debuterte Leif Bjørn Vestad som lyrikar med diktsamlinga Villstrå, følgt av Fotefar. No er altså den tredje diktsamlinga frå same mann i handelen. Dikta i Dråpeflor spenner frå det nære og kjære til det store og ukjente, frå det såre og vare til minne og undring. I Dråpeflor bruker Vestad eit stort format til filosofering over liv og natur i dikta. Boktittelen viser til det fine sløret av fukt som kan leggje seg over planter, røter og stein i naturen..

 

Det er nesten tilfeldig at Vestad gjev ut tre bøker så å seie på ein gong. Lyrikk har han skrive sidan tenåra, og han har hatt dikt på trykk i alt frå aviser til vekebladet Familien. I vinter fekk Vestad endeleg gått grundig gjennom eldre og nyskrivne dikt, og da passa det seg slik at diktsamlingane vart trykte omtrent samstundes. Vestad arbeider no med nye dikt. Tidlegare har han skrive om blant anna lokalhistoriske emne, slektshisatorie og stadnamn. 

 

Leif Bjørn Vestad er busett i Molde, og har i mange år arbeidd i skulen der og i Gausdal ved Lillehammer. Han er fødd i 1934 og kjem frå Bud i Romsdal. Boka er gitt ut av forlaget Skrift og tale, og prisen er 130 kroner.

 

Lagt ut 17. juni 2008.