skriftogtale.no


 

 Tyske minoritetar på nettet

 

I mange europeiske land finst det tyskspråklege minoritetar. Somme av dei har ei historie som går tilbake til 1200-talet. No er desse tyskspråklege gruppene samla på nettet.

 

Mange er ikkje klar over at tysk er morsmål i andre land enn Tyskland, Austerrike og Sveits. I Belgia har tysk offisiell status, og språket er brukt i eit område aust i landet. I Luxembourg er tysk i bruk, og også i Alsace og Lorraine i Frankrike. Dei franske styresmaktene har undertrykt tysk språk, og det har også skjedd i fleire andre land med tyskspråklege minoritetar.

 

I Polen, Tsjekkia, Ungarn ....

Etter den andre verdskrigen forsvann mange av dei tyskspråklege samfunna, men ikkje alle. I Pommern, Schlesen og Preussen i Polen blir tysk brukt, og det same nørdst i Tsjekkia, i nord- og vest-Bøhmen, og av ein del i Praha og Brno. I Ungarn finst det ein god del tyskspråklege landsbyar, og lengst sør i Danmark er tysk også i bruk. Dei tyskspråklege i Danmark reknar seg oftast som kulturelt tyske, og snakkar gjerne vel så godt dansk som tysk.

 

Romania, Italia, Serbia, Russland ...

I Romania finn vi den tyskspråklege minoriteten fyrst og fremst i Banat-provinsen og i Transylvania, som heiter Siebenbürgen på tysk. I provinsen Sør-Tyrol i Italia er tysk morsmål for eit fleirtal av innbyggjarane. Framleis finst det nokre tyskspråklege landsbyar i Serbia, medan språket er så å seie borte frå Slovenia. Det har også funnest tyskspråklege grupper i dei baltiske landa.

 

I den russiske Kaliningrad-provinsen, også kjend som Königsberg, blir det framleis snakka tysk, og det same gjeld i ein del landsbyar langs Volga. I tal er det i Russland ein finn flest med tysk som morsmål utafor Tyskland, Austerrike og Sveits. Ja, til og med i Kasakhstan finst det også ein tyskspråkleg minoritet!

 

Desse tyskspråklege minoritetane har no fått sin eigen nettstad, sjølvsagt på tysk. Om du klikkar deg inn på http://www.agdm.fuen.org/ kan du lese om dei tyskspråklege minoritetane i Europa.

 

jpv/eurolang.net  26.2. 2008