Til skriftogtale.no

Unngå e-post i fyrste omgang

Det svenske eksportrådet åtvarar svenske bedrifter mot å bruke e-post fyrste gong dei har kontakt med føretak i andre land.

I mange land, som i Kina, er personleg kontakt viktig, og da held ikkje e-post, skriv Ny Teknik. Annika Fegraeus ved Berlin-kontoret til det svenske eksportrådet seier at den uformelle, svenske stilen ikkje fungerer i Tyskland. Det er heller ikkje sjølvsagt at ein kan bruke engelsk i kontakt med tyske bedrifter. Også i andre land som er viktige for svensk eksport, er det ikkje noka sjølvfølgje å bruke engelsk. Det gjeld forutan Kina så vel Frankrike som Spania og landa i Latin-Amerika.

Ny Teknik/jpv  28.2. 2008